Hopp til innhold

– 273 ukrainske soldatar evakuerte frå Azovstal

Ukrainske soldatar har lenge frykta for livet i stålverket Azovstal. No er marerittet over for nokre av dei. Det er gjort avtale med Russland om eit fangebytte.

273 ukrainske soldatar skal natt til tirsdag vere evakuerte frå stålverket i Mariupol. 53 av desse er frakta til sjukehus.

273 ukrainske soldatar skal natt til tysdag vere evakuerte frå stålverket i Mariupol. 53 av desse er frakta til sjukehus.

Ambulansar og bussar frakta måndag kveld folk ut frå stålverket Azovstal, melder nyheitsbyrået Reuters.

Forsvarsdepartementet i Ukraina seier at 273 ukrainske soldatar er evakuerte frå stålverket. 53 av desse er frakta til sjukehus, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Me håper at me klarer å berge liva til karane våre, seier Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Ein person blir frakta på båre av to helsearbeidarar. Eit raudt lys lyser opp mørkret rundt båra.

Ein person blir frakta på båre, ut av stålverket Azovstal.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

I vekevis har rundt 1000 soldatar vore innesperra, utan moglegheit for å få inn nye forsyningar. Russiske styrkar har omringa dei, og dei ukrainske soldatane har forskansa seg nede i dei mange underjordiske tunnelane på stålverket.

Det var lenge harde kampar ved stålverket. Etter kvart vart kampane mindre, men eit stort tal menneske hadde då blitt fanga nede i stålverket.

Tidlegare har fleire hundre sivile fått evakuere ut av anlegget. Men soldatar, også hardt skadde, har måtte bli igjen.

Fleire videoar på sosiale medium

Tidlegare måndag opplyste det russiske forsvarsdepartementet at dei har gått med på at hardt skadde ukrainske soldatar får evakuere frå stålverket Azovstal. Det kjem etter forhandlingar mellom Russland og Ukraina.

Seint måndag kveld har fleire bussar og ambulansar fraktar soldatar ut av stålverket. Eit augevitne fortel til nyheitsbyrået at det er uklart kor mange som er om bord på bussane.

Tre soldatar ligg i ein tre-etasjers køyeseng, inne i ein buss. Dei er på veg ut av stålverket Azovstal.

Tre soldatar på veg ut av stålverket Azovstal.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

På Telegram, eit sosialt medium, blir det delt videoar av køyretøy som skal vere blant dei som fraktar ut skadde, men desse videoane er ikkje mogleg å verifisere.

Ifølgje avtalen som er inngått mellom Ukraina og Russland skal soldatane bli frakta til Novoazovsk, som er i det russisk-kontrollerte området av Ukraina. Der skal soldatane få medisinsk hjelp. Reuters melder at dei første soldatane har komne fram til byen.

Det er ikkje kjent kvifor det er avtalt at soldatane skal fraktast dit, men det kan vere eit teikn på at Russland ønskjer å ha kontroll på soldatane som no får reise frå stålverket.

Skal utveksle fangar

Soldatane i Azovstal har lenge hatt behov for hjelp. Alle forsyningslinjer har vore kutta av, og det har gått føre seg lange forhandlingar for at hardt skadde soldatar skal få hjelp. FN og Røde Kors har vore delaktige i forhandlingane.

Ukrainas visestatsminister, Iryna Veresjtsjuk, har opplyst at det var rundt 1000 soldatar att inne i stålverket, og at hundrevis av desse var skadde.

Ein buss køyrer inn i mørkret. Bussen blir oppgitt som ein av bussane som evakuerer skadde soldatar ut av stålverket Azovstal.

Ein buss køyrer ut av stålverket Azovstal. Inni skal det vere skadde ukrainske soldatar som no blir frakta til russisk-kontrollerte område.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

For å få evakuert soldatane har det blitt inngått ein avtale, men det er uklart kva Ukraina har måtte gje i retur for at evakueringa no skjer.

Visestatsminister Verestsjuk seier at «det er mogleg at utfallet ikkje kjem til å tilfredsstille alle».

Dei evakuerte skal ifølgje viseforsvarsminister Hannas Maljar ha blitt frakta til sjukehus i dei russisk-okkuperte byane Novoazovsk og Olenivka.

Ho sa seint måndag kveld at dei evakuerte soldatane etter kvart skal få kome heim til familiane sine etter at det er utført eit fangebytte med Russland.

Hylla «heltane»

I sin videotale til ukrainarane måndag kveld sa president Volodymyr Zelenskyj at «Ukraina treng ukrainske heltar i live».

Presidenten åtvara om at vegen fram til fangeutveksling kunne bli lang:

– Forhandlingane om fangeutveksling vil krevje finstemtheit og vil ta tid, sa han.

I 82 dagar har soldatane på Azovstal gjort motstand mot dei russiske angriparane, noko som har bunde opp store russiske styrkar.

Generalstaben i Ukrainas væpna styrkar takka i sosiale medium soldatane på Azovstal for at dei «har fullført kampoppdraget sitt».

Det vert streka under at motstanden på Azovstal har gitt den ukrainske hæren tid til å byggje opp sterkare slagkraft.

– Vi fekk den kritiske tida til å bygge reservar, omgruppere styrkar og få hjelp av partnarane vårer. No var det kritisk å redde liv, skriv generalstaben på Facebook.

Denys Prokopenko, ein av dei som leiar dei ukrainske styrkane i Azovstal seier at dei no følgjer ordren frå øvste hald i det ukrainske forsvaret om å redde menneskeliv.

– Soldatane på Azovstal har følgt ordre og halde ut mot ein overmektig fiende, noko som gav den ukrainske hæren tid til å omgruppere seg, trene opp fleire soldatar og ta imot store mengder våpen frå andre land, sa Prokopenko i ein videotale etter evakueringa, ifølgje avisa Kyiv Independent.

Det er styrkar frå Azov-regimentet som er inn i stålverket, omringa av russiske styrkar. Dette er ei gruppe som sprang ut frå ei nynazistisk gruppe, men som i dag kjempar under ukrainsk kommando.

Generalstaben i det ukrainske forsvaret seier at innsatsen skal halde fram for å redde ut soldatar som framleis er inne på stålverket, men det er ikkje opplyst kor mange som no er igjen.

Les også Azov-regimentet: Høyreekstrem trussel eller vanlige soldater?

Deler av Azov-brigaden, her fra Kharkiv 11. mars.

SISTE NYTT

Siste nytt