Hopp til innhold

– 240 menneske berga frå forlist ferje

Ei passasjerferje med 251 passasjerar om bord har kantra utanfor kysten av Filippinane. Fire har mist livet og elleve er framleis sakna, melder nyheitsbyrået AFP.

Ei passasjerferje med 251 menneske om bord har kantra utanfor kysten av Filippinane

VIDEO: Mange sakna etter ferjeforlis.

Ulukka skjedde utanfor byen Real rundt 70 kilometer aust for hovudstaden Manila. Ferja var på veg frå Real til øya Polillo dår ho forliste vel 14 kilometer utanfor Real i føremiddag lokal tid.

Den kinesiske fjernsynsstasjonen CGTN melder tidlegare i dag at minst 39 har mist livet og at over 100 var sakna, men desse tala viser seg ikkje å stemme.

– Har ikkje oversikt

Den filippinske kystvakta kan ikkje opplyse noko om kor mange som er omkomne, sakna eller berga, men stadfestar at dei har høyrt at menneske har mist livet.

Armand Balilo i den filippinske kystvakta.

Talsmann Armand Balilo i den filippinske kystvakta viser på eit kart kvar ferjeulukka skjedde torsdag.

Foto: Aaron Favila / AP

– Vi har høyrt om det, men vi arbeider framleis med å skaffe oss oversikt over det som har skjedd, seier talsmann Armand Balilo til Reuters. Han legg til at det dårlege vêret truleg var årsaka til kantringa.

Han legg til at redningsoperasjonen vil halde fram heilt til det er gjort greie for både mannskap og passasjerar.

Redningsarbeidet er vanskeleg på grunn av kraftig regn og høge bølgjer. Det var ikkje sendt ut stormvarsel på førehand og ferja MV «Mercraft III» hadde seglingsløyve. Båten var sertifisert for 286 passasjerar.

Ferja gjekk frå Real tidleg torsdag morgon lokal tid og ulukka skjedde på føremiddagen.

Tropisk storm

Den tropiske stormen har Kai-Tak har herja i området den siste tida, men skal ha vore på retur. Det er varsla ein ny tropisk storm i området i løpet av eit par dagar, så styresmaktene har bede folk om å reise heim til jul litt tidlegare enn vanleg for å unngå stormen.

Studenten Donel Mendiola er ein av dei som vart berga av kystvakta. Han fortel på telefon til radiostasjonen DZMM at vinden brått tok seg opp og at ein brottsjø slo inn over ferja.

– Ferja tok inn vatn og passasjerane sprang over til ein eine sida. Då gjekk båten rundt. Nokre av oss greidde å symje, men eg seg fleire eldre i sjøen som såg ut som dei alt var døde, seier han til radiostasjonen.

Han fortel at vêret var fint då ferja gjekk ut frå Real.

Laster Twitter-innhold

30 år sidan «Dona Paz»

Det er ikkje uvanleg med ferjeulukker i Filippinane, eit land med over 7000 øyer, og som ligg midt i det som blir kalla tyfonbeltet i Stillehavet. Den verste ulukka skjedde like før jul for 30 år sidan, då ferja «Dona Paz» kolliderte med ein oljetankar.

Over 4000 menneske omkom i det som er den verste katastrofen til sjøs nokon gong i fredstid.

Real-Pollio Filippinane

SISTE NYTT

Siste nytt