Hopp til innhold

– 2000 kan vere drepne av Boko Haram

Boko Haram har vunne stadig meir terreng i Nord-Nigeria den siste veka. Og dei verste anslaga seier at så mange som 2000 menneske kan vere drepne berre dei siste dagane.

NIGERIA-UNREST-CHIBOK-FILES

Nigerianske styresmakter klarer ikkje nedkjempe Boko Haram. No kan dei ha drepe så mange som 2000 menneske, på berre få dagar.

Foto: HO / Afp

NIGERIA-UNREST-BORNO-FILES

16 byar skal ha blitt angripne dei siste dagane, og mange av dei skal vere heilt nedbrente. Her frå ein annan landsby som vart angripen i april i fjor.

Foto: - / Afp
NIGERIA-VIOLENCE/ Displaced people gather as the Red Cross in Kano distributes relief materials at a relief camp in Dawaki

Røde Kors er til stades i Nord-Nigeria for å hjelpe nokre av dei 1,5 millionane som er på flukt i området.

Foto: STRINGER / Reuters

Boko Haram skal den siste tida ha klart å få kontroll over byen Baga, og 16 mindre nabolandsbyar. Det melder mellom anna BBC.

Folk som har vore i byane fortel om lik som ligg strødde i gatene, etter at dei militante islamistane har gjennomført væpna raid. Husa i landsbyane skal vere påtente, og Boko Haram-soldatane har alle reist vidare til neste landsby.

Flyktningar fortel om byar, der det før budde rundt 10.000 menneske, som no ikkje eksisterer lengre.

– Dei har blitt brente ned, seier den lokale tenestemannen Musa Alhaji Bukar til BBC.

Det er Bukar som meiner at tala på drepne kan vere så høge som 2.000, medan andre har meldt om nokre hundretals skadde.

Ein annan nigeriansk tenestemann i rettssystemet meiner at regjeringshæren må kome på banen, slutte med «dilldallet» sitt, og kjempe tilbake for å beskytte innbyggjarane.

– Den vilkårlege drepinga skjer berre om att og om att, seier han til BBC.

NIGERIA-UNREST-HUNTING-BOKO HARAM

Ein gjeng med jegerar deltek i kampen mot Boko Haram. Nigerianske styresmakter har fått mykje kritikk for å utstyre sin eigen hær for dårleg.

Foto: FLORIAN PLAUCHEUR / Afp

Det er vanskeleg å verifisere den informasjonen som kjem ut frå Nord-Nigeria, sidan få journalistar har tilgang til området.

Det som derimot er heva over ein kvar tvil er at Boko Haram det siste året har herja vidare, noko som mellom anna har ført til 1,5 millionar flyktningar, og minst 2.000 drepne berre i 2014.

Nigerianske styresmakter har hausta mykje kritikk for å ikkje klare å slå ned på Boko Haram, og seinast i førre veke tok islamistgruppa over kontrollen av ein internasjonal militærbase ved grensa til Tsjad. Gruppa har også stått bak fleire kidnappingar og store massakrer.

I februar er det nytt val i Nigeria, og president Goodluck Jonathan har fått mykje kritikk for manglande respons. Likevel er det førebels lite som tyder på at han kjem til å miste makta etter det nye presidentvalet.

SISTE NYTT

Siste nytt

Russland skal ha sprengt viktig demning i Ukraina

Ukraina melder at russiske styrkar har sprengt Kakhovka-demninga i Kherson-regionen natt til tysdag. Russland bekreftar at den er skada.