Hopp til innhold

– 1.600 drepne av USA-leia angrep i Syria

Rundt 1.600 menneske, dei aller fleste jihadistar, er drepne i luftangrep som er utført av den USA-leia koalisjonen i Syria. Det viser tal frå ein menneskerettsorganisasjon i landet.

MIDEAST CRISIS/USA AIRSTRIKES Smoke and flames rise over a hill near the Syrian town of Kobani after an airstrike

Bomber slår ned ved Kobani, ein av stadane kor amerikanske jagarfly har angripe mange gonger dei siste månadane. Rundt 1.600 menneske skal ha mista livet i amerikanskleia angrep i Syria.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Meir enn 1.600 menneske skal ha mista liva i angrep utført av USA i Syria, opplyser organisasjonen «The Syrian Observatory for Human Rights» (SOHR), som er ein London-basert organisasjon med sterke band til Syria.

Det er dokumentert at 62 av dei drepne er sivile, men dei aller fleste skal vere jihadistar frå IS eller al-Nusrafronten, som er ei Al Qaida-forgreining i Syria. 1.465 av dei drepne skal vere IS-medlem og 73 var ein del av al-Nusra, hevdar SOHR.

Tala skal gjelde for dei siste fem månader sidan. Med andre ord for den perioden som dei amerikanskleia angrepa har funne stad i Syria.

Koalisjonen består også av ei rekke arabiske land, som starta angrep inne i Syria i fjor. Det er også ein større internasjonal koalisjon, der også Noreg er med, som er sett inn i kampen mot IS i Irak.

SJÅ VIDEO FRÅ USA-ANGREP I SEPTEMBER 2014

Video viser amerikanske luftangrep mot IS

SISTE NYTT

Siste nytt