Hopp til innhold

Må sona 99 år for å ha mishandla dottera (2)

Ei småbarnsmor er i USA dømd til 99 år i fengsel for å ha mishandla den to år gamle dottera si til ho blei liggjande i koma.

Elizabeth Escalona dømd til 99 års fengsel

Elizabeth Escalona (23) må tilbringa dei 99 neste åra bak fengselsmurane etter å ha sparka, slått og limt fast dottera til veggen. Under aktoratet si utspørjing torsdag, kom tårene.

Foto: Tony Gutierrez / Ap

Elizabeth Escalona frå Dallas i delstaten Texas vart fredag dømd for å ha banka opp den vesle dottera si.

Det var i september 2011 at den 23 år gamle kvinna sparka den no to år gamle dottera i magen, slo henne med ei mugge og limte hendene hennar fast til veggen med superlim.

Toåringen fekk hjerneblødning, mangfaldige blåmerke og blei liggjande to døger i koma som følgje av mishandlinga

– Eg sparka henne stadig vekk

Elizabeth Escalona

Elizabeth Escalona fekk ikkje gehør frå dommaren for bøna si om å få ein ny sjanse.

Foto: LM Otero / Ap

Kvinna brast saman i gråt under aktoratet si utspørjing torsdag, då statsadvokaten synte henne eit bilete av den mishandla kroppen til dottera som var teke i september 2011.

– Eg slo henne, eg sparka henne stadig vekk. Ho fortente ikkje det, sa Escalona i retten torsdag.

Kvinna har fleire born, som varsla offentlege instansar om dei valdelege episodane.

Ifølgje politiet var det vanskar med pottetreninga som fekk mora til å gå til åtak på jenta.

Ingen nåde frå dommaren

23-åringen sa seg skuldig i å ha skadd bornet sitt då rettssaka starta, og forklarte seg fyldig i retten. I sin eigen forsvarstale bad ho dommaren om å få sleppa fengselsstraff, og om ein ny sjanse til å få skikk på seg sjølv.

Kvinna risikerte alt ifrå ein vilkårsdom til livstid i fengsel. Påtalemakta la ned påstand om ein fengselsdom på 45 år utan vilkår. Distriktsdomstolen konkluderte med å gje henne over dobbelt så lang tid bak lås og slå.

Dommar Larry Mitchell var ikkje nådig og meiner det ikkje finst formildande omstende i saka.

– Du mishandla bornet ditt på brutalt vis til det var nær ved å døy, sa dommaren.

– Rein ondskap

Aktor Price meiner ugjerningane var eit resultat av ondskap.

– Det er veldig lett å forstå kvifor nokon bryt seg inn i eit hus eller ein bil, eller ranar ein bank av og til. Men me kan ikkje nokosinne fatta korleis nokon kan såra eller mishandla eit barn. Det definerer eg som rein ondskap, seier aktor Eren Price til nyheitsbyrået AP

Forsvarsadvokaten til den dømde mora, Angie N`Duke, avviser påstanden om at klienten er ond, og viser til psykisk utviklingshemming.

– Ho er eit barn som aldri utvikla seg fullt ut, som aldri hadde ein barndom, seier N`Duke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt