Hopp til innhold

97.000 barn smitta i USA på to veker

På berre to veker har 97.000 barn testa potitivt på koronamsitte i USA. Tala vekker stor oppsikt.

Familie kommer til koronatesting i Washington i USA

FAMILIETEST: Denne tobarnsfaren kom til ein mobil teststasjon i hovudstaden Washington tidlegare i sommar.

Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB Scanpix

Dei 97.000 positive testresultata kjem fram i ein ny rapport frå leiande amerikanske barnelegar, melder New York Times.

I alt har 339.000 barn vorte smitta i USA. Ein firedel av dei har fått smitten i dei to siste vekene i juli.

Etter striden om skolestart og president Trump sin påstand om at barn er «nesten immune» mot koronaviruset, vekker dei nye smittetala blant barn oppsikt.

Reaksjonane på presidentens påstand om immunitet var så sterke i USA at både Twitter og Facebook sette foten ned.

Talet på koronasmitta passerte i natt 20 millionar

Nå er over 20 millionar smitta med koronaviruset, ifølge nettstaden Worldometer. 730.000 er døde. USA toppar lista over talet på smitta og dødsfall i verda, med over 5 millionar registrerte smittetilfelle, og 165.000 dødsfall.

SISTE NYTT

Siste nytt