95-årig bestemor overlevde korona-sjukdom

Med eit forsiktig smil viser 95 år gamle Alma Clara Corsini tommel opp frå sjukesenga i Pavullo i Nord-Italia.

På sykehus i Pavullo: Alma Clara Corsini (95) er blitt frisk fra covid18.

LYSPUNKT: 95 år gamle Alma Clara Corsini smiler blygt der ho ligg omgitt av hjelparar på sjukehuset i Pavullo.

Foto: Ospedale di Pavullo

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Omkransa av legar og sjukepleiarar er den 95-årige kvinna blitt ein etterlengta gladnyheit i landet i verda som er hardast ramma av den nye pandemien. Ho skal vere den eldste kvinna som har overlevd sjukdommen i Italia.

Det er den italienske EU-politikaren Fabio Massimo Castaldo som deler bildet av Corsini på Twitter.

– Eit sjenert smil

Ho har vore innlagt på det lokale sjukehuset i den vesle byen Pavullo Nel Frignano ved Modena i regionen Emilia-Romagna.

Castaldo skriv: «Denne hyggelege dama på bildet heiter Alma Clara Corsini, ho er 95 år gammal, og har akkurat komme seg frå # COVID19! Beste ønske til deg, og ein inderleg takk til det medisinske personalet på sjukehuset i Pavullo (Modena) for å ha gitt oss eit sjenert smil!»

Ifølgje lokalavisa Gazetta di Modena blei kvinna innlagt med korona-symptom 5. mars. I førre veke blei ho skriven ut og fekk flytte tilbake til aldersheimen der ho bur.

– Ja, eg har det bra og er frisk. Gode menneske har passa godt på meg, sa ho til avisa i førre veke.

Hardast ramma

Italia er det landet i verda som er hardast ramma av det nye koronaviruset, med nesten 70.000 sjuke og over 6800 døde. Landet har over dobbelt så mange døde som Kina, ifølgje tal frå Johns Hopkins University.

Samstundes stig talet på overlevande. 8300 italienarar er melde friske.

I byen Cremona i Lombardia blei ein 97 år gammal mann frisk etter to veker på sjukehus. Han er truleg den eldste som har overlevd i Italia.

Den eldste pasienten i verda som har overlevd viruset, er ein 100 år gammal kinesisk mann. Det melde det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua tidlegare i mars.

Les òg: Italienske ordførarar truar med å sende politi med flammekastar for å stoppe fester

SISTE NYTT

Siste nytt