Hopp til innhold

87 døde etter kranvelt i Mekka

I Mekka er 87 menneske stadfesta døde og over 180 er såra etter at ein kran velta over verdas største moské.

Flere ble drept da en krav veltet over verdens største moske

Kranen som velta over Al-Haram-moskeen i Mekka fredag ettermiddag har gjort store skadar.

Ein stor, raude byggjekran velta fredag ettermiddag norsk tid og knuste taket på Al-Haram-moskeen, som er den største moskeen i verda.

Det blei først meldt om 52 omkomne, men talet har stige til 87 utover kvelden. Også talet på skadde stig, og er no oppe i minst 180. Det opplyser sivilforsvaret i Saudi-Arabia.

Laster Twitter-innhold

Det er sett inn 15 søk- og redningsgrupper for å henta ut såra og frakta dei til sjukehus, ifølgje styresmaktene.

Den saudiarabiske TV-kanalen Al Arabiya viser blodige bilete frå moskeen. Også på Twitter og i andre sosiale media kjem det bilete som viser dei store skadane på moskeen og menneske i blodige klede som prøver å hjelpa skadde og flytta døde ut av det heilage bygget.

Al-haram-moskeen i Mekka, Saudi-Arabia under Eid

Al Haram-moskeen i Mekka i Saudi-Arabia er den største i verda. Her under feiringa av Eid i 2008.

Foto: - / AFP

Skjer like før millionbesøk

Mekka er profeten til fødebyen til profeten Muhammed.

Ulukka skjer få veker før fleire millionar muslimar kjem til byen i samband med den årlege pilegrimsreisa Hajj. Alle vaksne muslimar som har helse til det og er i praktisk og økonomisk stand til det skal gjennomføra Hajj, ifølgje det femte prinsippet i islam.

Det norske utanriksdepartementet seier til NRK at dei ikkje har informasjon om at nordmenn er involverte i ulukka.

– Me kjenner til saka og undersøkjer no med vår ambassade i Saudi-Arabia, seier pressekontakt Ane Lunde.

Lunde seier at det på noverande tidspunkt ikkje er naturleg å koma med nye reiseråd då det mest sannsynleg dreier seg om ei ulukke og ikkje uro.

NRK har også vore i kontakt med World Islamic Mission, den største muslimske trussamfunnet i Noreg. Fleire av deira medlemmer skal til Mekka i samband med Hajj, men reiser først om eit par veker.

Sivilforsvaret i Saudi-Arabia inspiserer skadane etter kranvelt

Sivilforsvaret i Saudi-Arabia inspiserer dei materielle skadane på moskeen.

Foto: Uncredited / Ap

Gigantisk byggjeprosjekt

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend, men det har vore dårleg ver i området den siste veka, med sterk vind og mykje nedbør.

Moskeen har i det siste vore omringa av heisekranar etter at styresmaktene i landet sette i gang arbeidet med å utvida moskeen med 400.000 kvadratmeter, noko som vil gje plass til heile 2,2 millionar menneske.

På grunn av byggjearbeidet blei det i fjor innført restriksjonar på kor mange pilegrimar som fekk sleppa inn.

Emiren av Mekka, prins Khaled Al-Faisal, har ifølgje Al Arabiya utnemnt ei gruppe til å etterforska den dødelege kranvelten.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt