Hopp til innhold

80 pst kan gå tomme for reint vatn

Om lag 80 prosent av befolkinga på jorda bur i område med usikker forsyning av ferskvatn, ifølgje ei ny analyse.

Eit flaumoffer frå Pakistan hentar reint vatn i bøtter

Ei kvinne hentar reint vatn i bøtter etter flaumkatastrofen i Pakistan.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Hoover demningen

Installasjonar som Hoover-demningen...

Foto: NRK
Demning i Kina

...ei demning i Kina...

Foto: CHINA DAILY / REUTERS
Demning

...eller her heime, er ikkje nok til å sikre alle reint vatn.

Foto: Sundsdal, Svein / ( Svein Sundsdal/NRK)
Akvedukten Pontcysyllte i Wales er på verdsarvlista.

Akvedukten Pontcysyllte i Wales er på verdsarvlista, men kan ikkje frakte nok vatn til alle.

Foto: ANDREW YATES / AFP
Tørke

Det blir mindre nedbør i framtida, trur forskarane.

Foto: WILLIAM WEST / AFP
Ikkje alle har råd til dyre reinseanlegg

Vestlege land kan ordne reint vatn til seg sjølve, men det hjelp ikkje for resten av verda, meiner forskarane.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Oppbevaring av vatn i reservoar og i dammar, fungerer for menneske, men ikkje for naturen. Det skriv ei gruppe forskarar i tidsskriftet Nature, etter at dei har samla inn data om vassmangel og ureining.

Forskarane meiner at folkevekst i framtida truleg vil føre til enda meir press på vassforsyninga dei komande tiåra. Dei oppfordrar utviklingsland til ikkje å gjere som industrilanda har gjort, ifølgje BBC.

Verst for utviklingsland

Det er Vest-Europa og Nord-Amerika som ser ut til å vere mest utsette for truslar om dårlegare vassikkerheit. Men når når ein reknar med effekten av infrastrukturen som distribuerer og sparer vatn, forsvinn dei fleste truslane frå desse områda.

I Afrika går det i motsatt retning:

– Problemet er at vi veit at ein stor del av verda ikkje har råd til desse investeringane, seier ein av forskarane, Peter McIntyre frå Universitetet i Wisconsin.

– Men sjølv i rike deler av verda, er dette ikkje ein fornuftig måte å gå fram. Vi kunne halde fram med å byggje demningar og så vidare, men uansett om vi har råd til dette, er det ikkje ein kostnadseffektiv måte å gjere ting på, seier han.

For sjølv om denne analysen viser at vasskvaliteten er nokså trygg for menneske i dei rike delane av verda, så kjem ikkje dyra like godt ut, slår analysen fast.

Installasjonar ikkje nok

Analysen som er gjort, er ein augneblinkstudie av vasstilstanden på jorda, der forskarane har vurdert dei ulike truslane mot vassforsyninga, og så har rekna desse inn i eit kart som viser kvaliteten på vassforsyninga i område på 50 x 50 km.

– Det vi har gjort, er å sjå veldig objektivt på fakta og vurdere kva som skjer med den sikre vassforsyninga til menneske, og kva infrastrukturen har gjort med dette, seier studieleiar Charles Vorosmarty frå City College i New York.

Forskarane meiner at deira modell viser at pengar som er investerte i demningar, kanalar, akveduktar og røyrleidningar for å sikre vassforsyning, har endra trusselbildet totalt.

– Manglar 4.700 milliardar

Berre i industrilanda (inkudert Brasil, Russland, India og Kina) er det eit behov for å investere 4.700 milliardar kroner innan 2015, hevdar dei.

Og for utviklingsland ser det enda verre ut:

– Dette er eigentleg eit bilete av situasjonen for 5 - 10 år sidan, fordi det er då data starta å kome inn, seier McIntyre.

Han meiner klimaendringane og folkeveksten gir enda større grunn til å uroe seg.

– Klimaendringa kjem til å påverke mengda vatn som kjem som nedbør, og om dette blir lagt på ei allereie pressa befolking, blir det som å rulle ein terning om framtida, seier han.

– Sats på naturen

Dette bør vere ein kraftfull indikasjon på at verdsleiarane i regjeringar og internasjonale institusjonar må ta vassproblematikken meir seriøst, meiner forskarane.

Dei bør heller investere i måtar å forvalte vatn på naturlege måtar, som for eksempel å sikre nedbørsfelt, våtmarker og elvesletter, seier forskarane.

Løysinga, meiner forskarane, er å tilpasse vassforsyninga til behova, der alle blir teke omsyn til og der naturlege funksjonar er integrerte med menneskebygde installasjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt