NRK Meny
Normal

762 drap i Chicago i fjor – Trump varslar tiltak

Donald Trump lovar offensive grep for å få ned valdsbruken i Chicago, ein by der det i fjor var 762 drap. I januar i år var det 51 drap i millionbyen ved Michigan-sjøen.

Minnemarsj for drapsoffer i Chicago.

Fleire tusen deltok i går i ein minnemarsj for alle drapsoffera i Chicago i 2016.

Foto: Scott Olson / AFP

For vel ei veke sidan sende Trump ut ei Twitter-melding der han tok for seg situasjonen i Chicago, som igjen har blitt USAs drapshovudstad. Då gjorde han det klart, at om ikkje styresmaktene i byen sjølve får slutt på blodbadet i byen, så ville han sende inn «the feds», altså setje inn føderale styrkar.

Då viste han til at det fram til 25. januar var registrert 228 skyteepisodar i byen og 42

USAs president Donald Trump.

Donald Trump lovar å rydde opp i Chicago, om ikkje dei lokale styresmaktene greier det.

Foto: Nicholas Kamm / AFP

drap. Innan månaden var omme var talet på drap altså oppe i 51, medan det var 234 registrerte skyteepisodar.

Narkotika og arbeidsløyse

Chicago har no fleire drap i løpet av eitt år enn New York og Los Angeles til saman.

Dei fleste drapa skjer i dei fattige, indre bydelane. Her er det høg arbeidsløyse, enorme narkotikaproblem og omfattande lovløyse. Borgarmeister Rahm Emanuel seier at han gjerne tek mot hjelp i kampen mot gjengane, narkotika og våpen i byen.

Han åtvarar likevel mot å sende soldatar inn for å rydde opp, noko han fryktar kan gjere situasjonen endå verre.

Den afroamerikanske presten Darrell Scott, som var ein aktiv støttespelar for Donald Trump i valkampen før presidentvalet, var i dag ein av fleire svarte støttespelarar som møtte presidenten i Det kvite hus.

Drapsåstad i Chicago.

Eit daglegdags syn i Chicago. Ein politimann vaktar ein draps-åstad.

Foto: Scott Olson / AFP

– Offensiv tilnærming

Pastor Darrell Scott.

Presten Darrell Scott var ein viktig støttespelar for Donald Trump i valkampen.

Foto: Timothy A. Clary / AFP

Her markerte dei starten på «Black History Month», der det blir sett fokus på historia til dei afroamerikanske innbyggjarane. Scott sa til nyheitsbyrået Reuters etter møtet at Trump lova å ta ei offensiv tilnærming til problema i Chicago.

Presidenten gjekk ikkje inn på konkrete tiltak, men Scott gjorde det klart at det ikkje blir snakk om berre å sende inn dei føderale styrkane, for så å arrestere svarte menneske. Ved starten av møtet sa Scott at ein del gjengmedlemer i byen hadde teke kontakt med han med bønn om samtalar for å få slutt på valdsbruken.

Trump svarte at han var tilhengjar av ein dialog, men at det er heilt naudsynt å få bukt med kriminaliteten i byen.

Lovar å rydde opp

Politisjefen i Chicago, Eddie Johnson.

Politisjef Eddie Johnson forsikrar om at dei er på god veg til å løyse problema i byen.

Foto: Teresa Crawford / AP

– Om dei ikkje greier å løyse problema, så kjem vi til å rydde opp for dei, sa Trump i svaret sitt.

Politisjefen i Chicago, Eddie Johnson, sa på ein pressekonferanse i dag at politiet i byen vil gjere alt for å skape ein tryggare by, og at dei er godt i gang. Han sa at dei i løpet av januar tok beslag i 600 våpen på gata i byen, ein auke på 60 prosent frå januar i fjor.

Chicago-politiet fekk nyleg knusande kritikk i ein rapport frå Justisdepartementet .

Trump utpeker Neil Gorsuch som ny høyesterettsdommer

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt