Hopp til innhold

7600 flyktningar til Makedonia på 12 timar

På berre 12 timar har om lag 7600 flyktningar kome seg over grensa til Makedonia, som har blitt eit viktig transittland. Det er ny rekord, ifølgje FN.

Grensepoliti i Gevgelija, Makedonia

Fredag har det kome 500 flyktningar i timen til Makedonia, eit land på storleik med Oppland fylke. Her opnar grensepolitiet i Gevgelija porten for dei mange som vil inn og vidare nordover i Europa.

Foto: Borce Popovski / Ap

– Mellom klokka 06 torsdag og 06 i dag har cirka 7600 flyktningar kome til Makedonia. Dei fleste er frå Syria, opplyser ein talsperson i FN som statskanalen i Makedonia siterer.

I løpet av fredagen har det kome 500 flyktningar i timen til det vesle landet, som er på storleik med Oppland fylke. Fleire fulle bussar skal vera på veg frå Hellas og FN kallar pågangen rekordhøg.

Transittland

Rekordhøgt er også det heilt ferske talet på flyktningar og migrantar som har kryssa Middelhavet hittil i år – 432.761. Det er dobbelt så mange som i heile fjor, ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Den store majoriteten kjem i land i Hellas og Italia.

Saman med Serbia har Makedonia blitt ein av dei største transittlanda for dei titusenvis av flyktningane som kjem frå Hellas etter å ha kryssa Middelhavet med livet som innsats.

Ved innkomst i den tidlegare jugoslavisk republikken, må dei registrera seg i eit mottakssenter som FN har sett i stand. Registrerte flyktningar kan gå om bord bussar nordover mot grensa til Serbia. Derifrå går ruta vidare inn i Ungarn – innfallsporten til EU.

Det store fleirtalet har Tyskland som sitt endelege mål. Landet har teke imot 450.000 flyktningar sidan januar og gitt tilsegn om at dei har kapasitet til å ta imot fleire hundre tusen til.

Avviser kvoteordning

Ungarske fengselsfangar byggjer gjerde mot flyktningar

Ungarn meiner EU må ha hovudfokus på å sikra grensene inn mot EU og vil ikkje gå med på å innføra obligatorisk kvotar for mottak av flyktningar. Her er ungarske fengselsfangar i full sving med å byggja eit fire meter høgt og 175 kilometer langt gjerde langs grensa mot Serbia.

Foto: CSABA SEGESVARI / Afp

Tyskland kallar flyktningkrisa for den største utfordringa EU har hatt i heile si historie og pressar på for å få alle dei 28 medlemslanda til å innføra obligatoriske kvotar for fordeling av flyktningar etter innbyggjartal, økonomisk styrke og tidlegare mottak av asylsøkjarar.

Kvoteplanen får støtte frå FN, men blei blankt avvist av Tsjekkia, Ungarn, Polen og Slovakia under eit møte fredag.

– Me må sjølve kontrollera kor mange me er i stand til å ta imot, sa den tsjekkiske utanriksministeren Lubomir Zaoralek på ein pressekonferanse i etterkant.

Ungarn har møtt den massive pågangen av flyktningar med piggtråd, og er godt i gang med å reisa eit fire meter høgt og 17,5 mil langt gjerde langs grensa mot Serbia. Tysdag neste veke trer også nye lovar i kraft, som blant anna gjer det straffbart med opptil tre års fengsel å klatra over gjerdet.

I ministermøtet fredag sa utanriksministeren i Ungarn at EU sitt overordna mål må vera å få kontroll over grensene inn mot unionen, heller enn å diskutera fordelingskvotar.