Hopp til innhold

Delar av teater kollapsa - 76 skadde

76 menneske er skadde, tilstanden er alvorleg for sju av dei, etter at taket på Apollo Theatre i London kollapsa under ei førestilling torsdag kveld.

Balkongkollaps på Apollo Theatre.

Det er eit stort oppbod av politi, brannbilar og ambulansar utanfor teateret.

Foto: Dominic Lipinski / Ap

Til saman blei 58 sende til sjukehus, sju av dei med alvorlege skadar. Resten av dei skadde er oppegåande, opplyser politiet. Det skal ha vore omkring 720 menneske inne i teateret då ulukka skjedde.

Teaterkollaps i London.

Ein ung mann har fått hjelp etter teaterkollapsen i Apollon Theatre i London.

Foto: Joel Ryan / Ap

– Det var ein seksjon av taket på teateret som fall ned, seier Nick Harding i brannkorpset i London til Reuters.

NRKs London-korrespondent Espen Aas seier at han har fått stadfesta at ingen er fastklemt inne i bygningen.

Dekte av støv og murrestar

Politiet fekk melding om ulukka kl. 21.15 norsk tid. Dei første meldingane på Twitter gjekk på at det var fleire alvorleg skadde. Politiet seier at det førebels ikkje er noko som tyder på at nokon har mist livet.

Sky News fortel om teatergjestar som kom ut av bygningen, dekte av støv og murrestar. Martin Brostock, som var inne i teateret, seier at støvskya var så tett at det var vanskeleg å sjå noko som helst der inne. Han trudde det var fronten på balkongen som kollapsa.

Ein talsmann for politiet seier at dei ikkje kjenner til at nokon skal vere fastklemd. Ein journalist i avisa The Independent, Simon Osborne, seier at det oppstod panikk i salen etter det som skjedde, og at det var mykje rop og skrik.

– Del av førestillinga

Det var teaterstykket «The Curious Incident of the Dog in the Night Time» («Den merkelige hendinga med hunden den natten») som vart spelt då taket kollapsa.

– Eg trudde det var ein del av førestillinga, heilt til eg fekk noko hardt i hovudet, sa ein mann til BBC då han fekk førstehjelp etter å ha blitt evakuert.

– Men etterpå trudde eg at dette kom til å gå skikkeleg gale for alle, la han til.

Apollo Theatre ligg i nærleiken av Picadilly Circus i sentrum av London.

Tidlegare tall gjekk ut på at bortimot 90 personar var skadde, men ambulansetenesta nedjusterte seinare tala.

Laster Twitter-innhold
Apollo Theatre i London

Minst 30 menneske er skadde i Apollo Theatre i London.

SISTE NYTT

Siste nytt