Hopp til innhold

76 år og mykje sjuk – no går presidenten for fire nye år

Denne veka rundar Nigeria 20 år som demokrati. Økonomi, terror og stor folkevekst er framleis dei største utfordringane for Afrikas største økonomi.

NIGERIA-ELECTION/

Folketalet i Nigeria bikker veldig snart 200 millionar menneske. Her frå eit stort valkampmøte i delstaten Taraba. Det er tilhengjarar av partiet til president Buhari som er samla.

Foto: HANDOUT / Reuters

  • Muhammadu Buhari, 76 år, tok makta i eit militærkupp på 80-talet, vart avsett to år etter. Stilte til val i 2015 og vann mot den sittande presidenten.
  • Atiku Abubakar, 72 år, tidlegare visepresident i åtte år, forsøker å bli Nigerias president for femte gong.

Det er den veldig korte oppsummeringa av dei to kandidatane som ligg best an til å vinne Nigerias presidentval på laurdag.

COMBO-NIGERIA-POLITICS-VOTE

Mest sannsynleg er det Muhammed Buhari, til venstre, eller Atiku Abubakar som vert Nigerias neste president. Dei to kandidatane har veldig lik profil, og er til dømes begge frå Nord-Nigeria, noko som uroar det sørlege Nigeria.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / AFP

Millionar av ungdom utan jobb

I 2015 var det altså Muhammadu Buhari som jubla då han vann mot tidlegare president Goodluck Jonathan.

Den gong lova han mellom anna meir ressursar i kampen mot terrorgruppa Boko Haram. Det er ein lovnad som kan straffe han når Nigeria går til val på ny på laurdag, for Boko Haram står stadig bak nye angrep, og mange meiner Buhari har svikta.

Mange håper Nigeria kan halde fram den positive trenden med frie og demokratiske val, slik dei fleste meiner valet i 2015 var.

Men det er uansett ein del utfordringar å ta tak i for dei som vil styre Nigeria. Landet står no overfor økonomiske problem, og landet er ikkje i stand til å skape jobbar til dei enorme ungdomskulla i landet. Nokre kjelder meiner 10 millionar unge nigerianarar står utan jobb i dag, andre kjelder meiner det er snarare snakk om det dobbelte.

– Det er mange unge menneske på veg ut i arbeidslivet i Nigeria, og det aukar år for år. Landets økonomi er ikkje i stand til å tilby dei jobbar. Universiteta produserer mange kandidatar kvart år som det ikkje finst arbeid til, seier Helge Rønning, Nigeria-kjenner og professor emeritus ved Universitetet i Oslo.

Konfliktlinjer på kryss og tvers

Rønning er ein av mange som følger spent med på kva retning valet i Nigeria kan ta.

– I verste fall kan det ende i valdelege samanstøyt, for landet er delt på fleire vis. Konfliktlinjene går på kryss og tvers, seier Rønning.

Helge Rønning

Professor emeritus, Helge Rønning, er spent framfor helgas val i Nigeria.

Han viser til at landet er delt mellom eit Sør-Nigeria der kristendommen står sterkt og økonomien er klar sterkast, og eit muslimsk nord kor den politiske tyngda har vore dei siste åra.

Sidan dei to hovudkandidatane på laurdag begge er frå nord, meiner Rønning at mange i det sørlege Nigeria er uroa for kva som er i vente. Han viser til at det er ein slags uskriven regel om at nord og sør skal dele på å ha presidenten.

– No får nord ein stadig meir dominerande posisjon i politikken, mens sør får ein meir dominerande posisjon i økonomien. Det er ein uheldig balanse fordi det er så mange interesseforskjellar mellom sør og nord som treng balanserast, seier den tidlegare professoren.

I tillegg til interessekonfliktar, er det også fleire væpna konfliktar i Nigeria.

  • Krigen mot terrorgruppa Boko Haram i nord er på ingen måte over, sjølv om presidenten i forkant av førre val lova å sette inn støyten. Han får kritikk for å ikkje gje hæren nok middel, og hæren er skulda for å stå bak overgrep og vere korrupte.
  • Langs grensa mot Kamerun er det også krise, der mange kjem flyktande frå ein konflikt i den engelskspråklege delen av Kamerun, som opprørarane kallar Ambazonia.
  • Konflikten i Niger-deltaet har vart i minst tre år. Der ønskjer fleire grupper at større deler av det sørlege Nigeria skal lausrivast frå resten av landet. Opprøret har også band til folk som framleis kjemper for eit sjølvstendig Biafra

Les meir om Ambazonia, Biafra og sju andre mindre kjente afrikanske konfliktar her.

– Det er veldig mange ulike problemstillingar på bordet, og ein situasjon der mange konfliktlinjer speler inn, seier Rønning.

Nigeria

President med dårleg helse

I tillegg til alle spørsmåla som det ikkje finst svar på, er mange usikre på presidenten sjølv.

Buhari si helse har vore gjenstand for mykje spekulasjon i Nigeria. I 2017 var han borte frå jobben i tre månader utan at folk fekk vite noko anna enn at han fekk helsehjelp i London. Rykta var mange, og folk i Nigeria er usikre på om han er skikka til å vere president.

På eit tidspunkt gjekk rykta så langt at det vart påstått at Buhari hadde sendt ein dobbeltgjengar for å late som at han var tilbake på jobb. Buhari forsikra folk om at det faktisk var han som var tilbake.

NIGERIA-ELECTION/

President Buhari og visepresident, Yemi Osinbajo, håper valkampen skal ende med siger.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Buhari er ein gamal mann som ikkje er heilt frisk. Mange er difor opptekne av kven som kan bli hans reelle arvtakar. Førre president, Goodluck Jonathan, tok over etter Umaru Yar'Adua som døde, og det rota til for den uskrivne regelen om at nord og sør skal bytte på å ha presidenten, seier Rønning.

Han viser til at ei viktig brikke i muslimske Buharis valkamp kan bli hans visepresident, Yemi Osinbajo, som er ein kristen pastor og jusprofessor. Han er også frå det sørvestlege Nigeria, noko som klart er til hjelp for å samle landet.

Erfaren motkandidat

Det er Atiku Abubakar som er Buharis argaste konkurrent. Han var Nigerias visepresident frå 1999 til 2007, og er kjent for å kunne samle muslimar og kristne, men har også måtte tole ein del rykte om at han er korrupt. Abubakar er involvert i både olje- og bryggeriindustrien. Tilhengjarane hans meiner dette gjer han til ein god presidentkandidat i Afrikas største økonomi.

NIGERIA-ELECTION

Valkampen går mot ein slutt i Nigeria. På laurdag skal folket velje kven som skal styre landet dei neste fire åra. Dei to mest aktuelle kandidatane liknar på kvarandre: Menn frå Nord-Nigeria, muslimar og over 70 år.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

– Det som karakteriserer nigeriansk, og ofte afrikansk politikk, er at det ikkje er så lett å seie kva som er forskjellen på kandidatane. Det handlar ikkje om politiske, men personlege alternativ. Kandidatane står for mykje av den same politikken, lovnadane, og også mange av dei same alliansane, seier Rønning.

Valdagen er neste laurdag, og fram til då vil det vere ei lang rekke arrangement, men det er også venta ein del uro. Mellom anna er det dei siste dagane sett fyr på fleire vallokal, og då også stemmemateriale.

SISTE NYTT

Siste nytt