Hopp til innhold

Stor markering av russisk mot og samhald

Det var som om tida var skrudd 75 år tilbake. 5500 soldatar i autentiske uniformer og med krigsmateriell slik det var i 1941. I dag gjentok russarane militærparaden som er rekna som ei av dei viktigaste samlande hendingane i russisk historie.

Historisk militærparade i Moskva
Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Det er i dag 75 år sidan sovjetiske soldatar gjekk rett frå militærparade på revolusjonsdagen til fronten der slaget om Moskva stod mot nazistane.

Patriotisme og mot

– 7. november-paraden var eit skuleeksempel på patriotisme og mot, sa statsminister Dimitri Medvedev til veteranane som var møtte fram på Den raude plass. Oppvisninga i dag var i følgje presidenten nøyaktig slik filmopptaka frå 1941 viser at paraden var for 75 år sidan var.

Slaget om Moskva

Soldatane stod den gongen midt i det langvarige slaget om Moskva. Stalin gav ordre om at militærparaden på revolusjonsdagen skulle gå som vanleg. Soldatane følgde ordre. To månader seinare hindre sovjetarmeen nazistane å ta byen.

– Sigeren i andre verdskrigen kom sjølvsagt ikkje på grunn av paraden, men den paraden betydde enormt mykje, sa Medvedev i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt