70.000 på flukt frå tropisk syklon

Minst 70.000 menneske er på flukt frå byar som er trua av jordras i Filippinane. Minst ni menneske har mist livet i den tropiske syklonen «Aere», som slo inn over landet i går.

Video Tropiske stormer på Filippinene

VIDEO: Tropiske stormer på Filippinene

Over 70.000 menneske er evakuerte frå heimane sine. Flyplassen i hovudstaden Manila kansellerte i går minst 38 flygingar som følgje av uveret. Også i dag er det store problem for flytrafikken, og president Aquino er blant mange som ikkje kjem seg til Manila.

Dei ni døde miste livet som følgje av jordras, drukning og kraftliner som fall med. Dei fleste dødsfalla skjedde i Bicol-regionen aust i landet.

I dag er «Aere» nedgradert, det venta at kraftig regn vil skape store problem i fleire regionar i Filippinane. Innbyggjarane i innlandet har fått beskjed om å ta alle forholdsreglar mot moglege jordras og flaumar.

Folk ved kysten er åtvara om mot stormflo og kraftig vind også i dag.

Den tropiske stormen «Bebeng» er no på veg inn over Filippinane, og det er meldt om kraftig flaum fleire stader i sentrum av hovudstaden Manila.

LES OGSÅ: Voldsomt jordskred på Filippinene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt