70 drepne i kampar rundt Aleppo

Hæren til Assad rykker fram med hjelp av russisk flystøtte. Minst 70 krigarar er drepne det siste døgnet i Aleppo-provinsen, melder aktivistgruppe.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA

Opprørarar frå «Jaysh al-Sunna» i stillingar på landsbygda sør for Aleppo 10 juni. Her rasar no kampane fram og tilbake.

Foto: KHALIL ASHAWI / Reuters

Regjeringshæren i Syria skal ha rykka fram sørvest for Aleppo, og har teke tilbake landsbyane Zitan og Kalasa, melder det syriske observatoriet for menneskerettar til al-Arabiya.

Den syriske hæren skal ha mista kontrollen over landsbyen berre timar tidlegare.

Assad-regimet hevdar franske og tyske soldatar er i Syria

Samtidig skulda den syriske regjeringa Tyskland og Frankrike for å ha sendt inn spesialstyrkar nord i landet.

– Dette er ei aggressiv handling, sa det syriske utanriksdepartementet i ei utsegn.

Det tyske utanriksdepartementet nekta på at dei har styrkar i Syria.

– Dette er ei falsk skulding, sa ein talsmann for det tyske utanriksdepartementet i dag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt