NRK Meny
Normal

68 omkom i flyulukke på Cuba

68 menneske er stadfesta omkomne i ei flyulukke på Cuba torsdag.

Ingen overlevde flystyrten

Ingen overlevde flystyrten like ved landsbyen Guasimal.

Foto: Ap

Arkivbilete av flyet som har styrta

Arkivbilete av flyet som har styrta med 68 menneske ombord.

Foto: HO / Reuters

Blant dei omkomne er det 28 utlendingar, opplyser styresmaktene. 10 av desse var europearar, ni frå Argentina, sju frå Mexico og ein frå kvar av landa Venezuela og Japan.

Europearane kom frå Nederland, Tyskland, Austerrike, Frankrike, Italia og Spania, skriv nyheitsbyrået AFP.

Augenvitne fortel at dei såg «ei ildkule midt i fjella» rett etter at flyet styrta.

Ingen overlevde

Dei skriv også at dette er den verste flyulukka på Cuba på 21 år.

– Det var ingen overlevande, skriv den offentlege nettstaden Cubadebate.cu.

Det skal vere eit propellfly frå det statlege selskapet Aerocaribbean som styrta sentralt i landet.

Sende ut naudsignal

Årsaka til ulukka er enno ikke kjend, men flyet sende ut naudsignal like før kontrolltårnet mista kontakt med det.

Den tropiske stormen «Tomas», som no er oppgradert til orkan, er på veg til området, men dei sivile luftfartsmyndigheitene har ikkje sagt om dårleg vér var årsak til ulukka.

– Vi samlar fakta og detaljar og har oppretta ein kommisjon for å undersøkje kva som har skjedd, seier dei.

Flyet var på veg frå Santiago de Cuba til hovudstaden Havana. Ulukka skjedde i provinsen Sancti Spiritus.

Flyet hadde ei besetning på sju personar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt