Hopp til innhold

678 koronadøde i Sverige

Statsepidemiolog Anders Tegnell i Sverige trur koronaepidemien er i ferd med å flytte seg frå Stockholm til resten av landet. Til no er 687 døde av covid-19 i Sverige.

Tegnell

Ifølgje statsepidemiolog Anders Tegnell trur dei smittetalet no ligg på ein i Sverige, med andre ord at ein person i snitt smittar ein annan.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

– Vi ser ikkje lenger same auke veke for veke i Stockholm, seier Tegnell.

Onsdag opplyste svenske styresmakter at 687 er registrert som døde av covid-19. 8419 er smitta med korona.

Ifølgje Tegnell trur dei smittetalet no ligg på ein i Sverige, med andre ord at ein person i snitt smittar ein annan.

– Vi ligg veldig nære ein, og byrjar sjå ein viss auke i resten av landet. Hovudfokuset flyttar seg truleg frå Stockholm til resten av landet, sa statsepidemiologen.

Tegnell slår tilbake mot kritikken frå Trump

President Donald Trump seier at Sverige lir veldig, veldig mykje på grunn av koronapandemien. Men no får han svar på tiltale. – Dette kan vi ikkje ta på alvor, seier statsepidemiolog Anders Tegnell.

Det var under det daglege pressemøtet i Det kvite hus i natt at president Donald Trump kommenterte den svenske strategien for å handtere koronapandemien.

Trump fekk spørsmål om kva slags råd han vil gje til land som er imot fysisk distansering. Då trekte han fram Sverige som eit eksempel.

– Dei er ikkje så mange. Nesten alle land som har praktisert det, stengjer no ned. Storbritannia er eit eksempel på det. Det blir snakka om Sverige, men Sverige lir svært tungt. Sverige snakkar om «flokken». Sverige lir veldig, veldig mykje, sa Trump.

Trump viste til at den svenske strategien skulle vere å arbeide for å oppnå ein flokkimmunitet mot koronaviruset, og ikkje stengje ned samfunnet.

Det er lagt merke til, også internasjonalt, at Sverige har valt å halde bl.a. skular og barnehagar opne. Samtidig har Sverige høgare dødstal enn nabolanda.

Donald Trump kommenterer den svenske korona-strategien.

– Uklart kva han meiner

I SVT si morgonsending i dag kommenterte statsepidemiolog Anders Tegnell utspelet frå Trump.

– Eg veit ikkje kva han meiner med det, men vi som arbeider med infeksjonssjukdommar veit at denne typen sjukdom held fram med å spreie seg til vi har oppnådd ein immunitet i folket. Nokon annan måte å stoppe den på, finst ikkje.

I USA er det strenge restriksjonar i dei fleste delstatane. Folk blir oppfordra til å halde seg heime, og skular, restaurantar og treningssenter er stengde.

Trump: – Dei fleste har gjort som vi

– Så langt har nesten alle land gjort det same som vi har gjort. Dersom vi ikkje hadde gjort det slik, ville vi mista fleire hundre tusen menneske, sa Trump i natt.

Tegnell er ikkje overtydd om at USA sin måte å handtere situasjonen på, er betre.

– Situasjonen er svært utfordrande i Sverige, ikkje minst på sjukeheimane. Men samanlikna med situasjonen i New York, fungerer det framleis veldig bra i Sverige, sa Tegnell til SVT.

– Vil få svært høge dødstal

Ein av dei som har kritisert dei svenske helsestyresmaktene, er professor og overlege Björn Olsen. Han meiner at styresmaktene har mislukkast i handteringa av koronakrisa.

– Pandemien kjem som ei flodbølgje over oss. Vi vil få svært høge dødstal i Sverige, særleg i Stockholms-regionen, og vi kjem til å sjå ein kraftig auke dei neste vekene, sa Björn Olsen til NRK.

– Det som skjer no er at Sverige er på veg mot ein tragedie, la han til.

Donald Trump holdt den første valgkamptalen etter at Kamala Harris ble Demokratenes presidentkandidat

Trump: – Kamala, du har sparken

Bilete av Kamala Harris med neongrønfarge og skrifta "brat".

Slik frir Harris til dei unge: – Dette er verktøy som mobiliserer veljarar

Biden: – Tid for å slippe til nye og yngre stemmer

SISTE NYTT

Siste nytt