Jordskredet gjekk gjennom ein industripark i byen Shenzhen i den sørlege delen av Kina.
22 bygningar ligg no i eit hav av gjørme, ifølgje statlege medium. Skredet dekkjer eit område på 20.000 kvadratmeter.
Augevitne fortel at store mengder med raud jord og gjørme pressa seg fram gjennom industriparken med stor fart. Både fabrikkar og bustadhus blei dekte. Nokre bygningar fekk også svært store skadar.
Ei kvinne fortel at ho såg ein lastebil, som far hennar sat i, bli dekt av jord.
Minst 900 menneske blei evakuerte før jordskredet kom inn i industriområdet.
– Heldigvis blei ikkje fabrikken vår treft, og alle som arbeider i vårt selskap blei evakuerte til ein trygg stad, fortel ein fabrikkarbeidar til det offisielle nyheitsbyrået Xinhua.
President Xi Jinping og statsminister Li Keqiang har bedt om at alle nødvendige ressursar blir sette inn i redningsarbeidet. Styresmaktene har sendt ei gruppe som samordnar innsatsen på staden.
Meir enn 1500 redningsarbeidarar arbeider med å gjennomsøkje området. Ifølgje nyheitsbyrået Xinhua er 27 menneske sakna. Tre er skadde. Andre medium, og lokale styresmakter, oppgir talet på sakna til 59.
Skredet kutta også ein røyrleidning med naturgass, noko som førte til ein eksplosjon som kunne høyrast fire kilometer unna.
Årsaka til skredet er ikkje kjent.