54 tørsta ihel på flukt - éin overlevde

54 båtflyktningar som forsøkte å koma seg frå Libya til Italia i ein gummibåt har døydd av tørst ute på havet. Tysdag blei den einaste overlevande berga av kystvakta. Han sit att med ei tragisk historie.

Natt til tysdag blei ein mann frå Eritrea redda opp av Middelhavet av den tunisiske kystvakta. Det var fiskarar som melde frå etter å ha fått auge på mannen i havoverflata.

Mannen var då svært dehydrert og klamra seg til restane av gummibåten som etterkvart var gått heilt tom for luft. Slik hadde han lege i to veker.

Det som først kunne sjå ut til å vera ei gledeleg historie, blei brått mørklagd då den overlevande begynte å fortelja til FNs flyktningråd (UNHCR) om kva som hadde skjedd.

Var nære målet

Etter femten dagar på sjøen i ein gummibåt som gradvis gjekk tom for luft, døydde nemleg dei 54 andre afrikanske flyktningane som var om bord i same båten av tørst. Mannen frå Eritrea var den 55. passasjeren og den einaste som overlevde den strabasiøse ferda.

Den overlevande har forklart at halvparten av gruppa på 55 kom frå Eritrea. Dei skal la teke fatt på flukta i slutten av juni, og var nær ved å nå fram til målet. Men like før dei kom fram til den italienske kysten, blåste sterke vindkast dei ut til sjøs igjen.

Flyktningane hadde teke med for lite vassforsyning, og folk begynte raskt å bli dehydrerte. Nokre prøvde å sløkkja tørsten med å drikkja sjøvatn, noko som berre gjorde situasjonen verre, har mannen fortalt.

Ifølgje FNs høgkommisær for flyktningar har 170 menneske frå Nord-Afrika mista livet i forsøk på å nå Europa frå krigsherja Libya så langt i år. Rundt 1300 flyktningar har nådd Italia, medan 1000 har kome seg til Malta.

Libyske flyktninger til Lampedusa

Libyske flyktningar kjem fram til den italienske øya Lampedusa i mai 2011.

Foto: Mauro Seminara / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt