NRK Meny
Normal

54 omkom i gruveulukker

Minst 41 menneske omkom i ein eksplosjon i ei kolgruve i Kasakhstan i dag. 13 omkom i ei gruveulukke i Ukraina.

Ei kjelde i det nederlandske selskapet Mittal, som driv gruva, seier til Reuters at 41 menneske er stadfesta omkomne.

Det var truleg metangass som eksploderte 500 meter under jorda som forårsaka ulukka i Lenin-kolgruva i Karaganda-området i den tidlegare Sovjet-republikken Kasakhstan.

 

 I Donetsk-området  i Ukraina har 13 gruvearbeidarar mist livet etter ei gasseksplosjon i Zasyadko-gruva. 61 menneske vart skadde og er innlagde på sjukehus.

Ulukka skjedde ved firetida i natt norsk tid meir enn 1000 meter under jorda.

Det er ofte gruveulukker i det tidlegare Sovjetunionen

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt