NRK Meny
Normal

500.000 underskrifter for Iman

Det er samla inn nesten 500.000 underskrifter for eit krav om at Imam al-Obeidi, kvinna som seier ho vart valdteken av Gaddafi-soldatar, skal setjast fri.

Iman al-Obeidi

Iman al-Obeidi storma inn på eit hotell med utanlandske journalistar og fortalde om valdtekt og mishandling.

Foto: Jerome Delay / Ap

Ei tryggingsvakt var raskt ute for å stanse Iman al-Obeidi.

Ei tryggingsvakt var raskt ute for å stanse Iman al-Obeidi.

Foto: Jerome Delay / Ap

Den unge kvinnelege advokaten Imam al-Obeidi vart kjend for heile verda då ho storma inn på Rexos hotell i Tripoli, der det bur mange utanlandske journalistar, laurdag for ei veke sidan. Ho bad journalistane fortelje verda om det ho hadde opplevd.

Libyske styresmakter sa at kvinna var full og psykisk sjuk. Seinare trekte dei tilbake påstanden om at ho var psykisk sjuk, men det statlege fjernsynet har kalla henne ei hore.

Ifølgje Wikipedia er det ingen som har sett henne sidan 26.mars.

Valdtekt og mishandling

- Ta bilete av meg, vis heile verda kva dei gjorde med meg, ropte ho ut. Ho viste fram sår og blåmerker ho hadde på kroppen, som ho sa var resultatet av soldatane si mishandling.

Ho fortalde til journalistane at ho vart stansa i ei militær vegsperring, og at ho vart pågripen fordi ho kom frå den opprørsstyrte byen Benghazi.

- Dei batt meg fast, og dei misbrukte meg i to dagar, sa ho om soldatane som heldt henne fanga. Ho vart valdteken av 15 soldatar, fortalde ho.

Iman al-Obeidi blir forsøkt hindre i å snakke.

Tryggingsvakter prøvde å hindre Iman al-Obeidi i å snakke med journalistane.

Foto: Jerome Delay / Ap

- Det er ikkje mogleg å skildre med ord det motet Iman viste ved å fortelje om det som skjedde, og vi kan berre tenkje oss den terroren ho har opplevd, heiter det i oppropet for Iman al-Obeidi.

LES OGSÅ: – Voldtatt kvinne løslatt

- Ærekrenking

Oppropet vil bli overlevert til Tyrkias konsulat i Benghazi så snart målet om 500.000 underskrifter er nådd. Dette fordi initiativtakarane, nettstaden Avaaz.org , meiner at Tyrkia er eitt av få land Gaddafi-regimet høyrer på. Det er også ei støttegruppe for henne på Facebook .

Talsmann for den libyske regjeringa, Musa Ibrahim, seier til AFP at etterforskinga av saka held fram. Han fortel at soldatane ho har skulda for mishandling, har klaga henne inn for ærekrenking og desinformasjon.

Iman al-Obeidi har også nekta å la seg undersøkje av lege for å kunne slå fast at ho vart valdteken, seier talsmannen.

Ei gråtande Iman al-Obeidi blir ført bort.

Ei gråtande Iman al-Obeidi blir ført bort av ei tryggingsvakt.

Foto: Albert Facelly / Ap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt