Hopp til innhold

50.000 studentar blokkerte Roma

Rundt 50.000 studentar blokkerte gatene i Roma i protest mot store kutt i utdanningssektoren.

Video Studentdemonstrasjon i Roma

SE VIDEO: Studentar i Roma prostesterte kraftig mot kutt i utdanningssektoren.

Underhuset i den italienske nasjonalforsamlinga skal behandle forslaget om kutt på rundt 70 milliardar kroner innan 2013. Forslaget har vekt sterke reaksjonar både blant studentar og tilsette, og det kan bli 130.00 færre jobbar i sektoren.

Studentane prøvde å kome seg fram til Underhuset, men her vart dei stansa av tungt utstyrt opprørspoliti.

Trafikken omdirigert

Men studentane greidde å hindre trafikken på dei viktigaste gjennomfartsårene i byen, slik at trafikken måtte omdirigerast.

Måpande turistar måtte konstatere at biltrafikken vart dirigert gjennom gatene der Fontana di Trevi og Spansketrappa ligg, eit område som vanlegvis er stengt for biltrafikk.

Fleire demonstrasjonar

Det er også meldt om store demonstrasjonar i fleire andre italienske storbyar frå Torino i nord til Palermo i sør.

Arrangørane melder at rundt 400.000 studentar protesterte over heile Italia.

I Napoli, som igjen er ramma av søppelkrise, tok demonstrantane med seg søppel og dumpa det framfor inngangsdørene til offentlege bygningar.

LES OGSÅ. Napoli sender søpla til Norge

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Cameron fordømmer volden i London

LES OGSÅ: Nye studentdemonstrasjoner

LES OGSÅ: Marsjerte for demokrati

SISTE NYTT

Siste nytt