50.000 på flukt frå varsla offensiv

Både dei internasjonale styrkane og Taliban førebur seg på eit større oppgjer i det sørlege Afghanistan. 50.000 sivile flyktar frå området i frykt for krigshandlingane.

Rundt 50.000 har flykta frå Marjah-området i Helmand

Folk strøymer ut av Majah-distriktet av frykt for den varsla offensiven.

Foto: Abdul Malik Watanyar / Scanpix/Reuters

LES OGSÅ: Afghanske sivile drept av afghansk politi

LES OGSÅ: Piska til blods for bagatellar

Den amerikanske hæren har varsla ein nært foreståande offensiv mot Taliban i Helmand-provinsen sør i Afghanistan. Sivile som har flykta frå området seier til nyheitsbyrået Reuters i byen Lashkar Gah at Taliban også har mobilisert.

Sivile på flukt

Dei britiske styrkane i området, som også skal delta i offensiven, seier at rundt 50.000 sivile har flykta frå området dei siste dagane.

Amerikanske soldatar klare for storoffensiv i Helmand-provinsen.

Amerikanske soldatar i trening før den varsla offensiven i Helmand-provinsen.

Foto: Pier Paolo Cito / Scanpix/AP

Opprørarane har eit stor tal soldatar i Majah-distriktet, eit vanskeleg framkomeleg område med tett vegetasjon og mange elvar og kanalar. Amerikanske militære seier det er det einaste større område i Afghanistan der Taliban framleis har kontrollen.

Den foreståande offensiven blir ein av dei største på åtte år, og målet til den internasjonale styrken blir å vise styrke etter at USAs president Barack Obama varsla at han ville sende nye 30.000 soldatar til Afghanistan.

Den amerikanske militære leiinga i Afghanistan har ikkje prøvd å halde den komande offensiven hemmeleg, tvert i mot har offensiven vore varsla i fleire veker. Grunnen til dette er truleg at dei ville gi Taliban-soldatar som tvilte på sin eigen styrke, sjansen til å forlate området.

Vil kjempe til døden

Men folk som har flykta frå området til Lashkar Gah seier at Taliban ikkje ser ut til å ville forlate Marjah-området frivillig. Mange Taliban-opprørarar har forskansa seg tungt , og bonden Abdul Khaleq trur det blir harde kampar.

- Taliban har henta inn meir folk og meir våpen. Dei er svært aktive i Marjah. Dei har lagt ned landminer, og dei har folk over alt, seier han.

Abdullah Nasrat, ein Taliban-kommandant Reuters har snakka med på telefon, seier at rundt 2000 talibanar er klare til å kjempe til døden.

Britiske soldatar under ein pause i leiren i Lashkar Gah.

Britiske soldatar under ein pause i leiren i Lashkar Gah.

Foto: Baris Atayman / Scanpix/Reuters

LES OGSÅ: Forsvaret spares i stramt USA-budsjett

LES OGSÅ: Tre amerikanere drept i Afghanistan

LES OGSÅ: - Eide-møtet er bare «propaganda»

l

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt