Hopp til innhold

50 drepne i religiøs uro i Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Valden mellom kristne og muslimar i Nigeria har skote fart dei siste dagane. 11 menneske er drepne i etnisk og religiøs uro sidan i går. Rundt 50 er drepne dei siste par vekene.

Det er i den urolege delstaten Plateau valdshandlingane går føre seg. Dette er eit grenseområde mellom det kristne sør og det muslimske nord, og området har også tidlegare vore prega av valdsbruk mellom kristne og muslimar.

Kristen landsby

Den siste uroa skal ha starta sist veke då kristne ungdomar gjekk til angrep på muslimske ungdomar som hadde samla seg for å feire avslutninga av fastemånaden Ramadan i byen Jos, som er hovudstad i delstaten Plateau.

Angrepa i går kveld skjedde i dei kristne landsbyane Dabwak i den sørlege utkanten av Jos og i Targom-Babale nord for Jos.

Ein journalist frå det franske nyheitsbyrået AFP såg lika til sju menneske, blant dei to born, og alle desse skal ha vore frå same famlien. Gjerningsmennene hadde brukt macheteknivar og handvåpen. Angriprane sette fyr på fleire hus og minst to av offera.

Ei kvinne frå landsbyen Targom-Babale, Talatu, seier til AFP at angriparane storma inn i landsbyen medan dei skaut.

LES OGSÅ: Åtte kristne drept i Nigeria

LES OGSÅ: Ni FN-ansatte drept i Nigeria-angrep

Born og eldre drepne

- Eg såg at dei kom inn i landsbyen. Dei brukte lommelykter til å kommunisere med kvarandre, dei gjekk bort til eit hus og byrja å skyte.

I landsbyen Dabwak vart ein 74 år gammal mann drepen saman med to av barneborna sine. Kona hans døydde av skadane på sjukehuset. Minst ti andre innbyggjarar i landsbyen vart såra i angrepet.

Lokale medium melder at muslimske ungdomar er mistenkte for å stå bak desse siste angrepa.

LES OGSÅ: Tolv drept i flere angrep i Nigeria

LES OGSÅ: Mikels far sluppet fri i Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt