Hopp til innhold

49 drepne i fangeopprør i Mexico

49 menneske er stadfesta drepne etter eit opprør i det overfylte Topo Chico-fengselet i Monterrey nordaust i Mexico, opplyser guvernøren i delstaten Nuevo Leon.

Fengselsopprør i Mexico.

Tungt væpna opprørspoliti er på plass utanfor fengselet Topo Chico, medan pårørande krev informasjon om korleis det har gått med slektningane inne i fengselet.

Foto: Francisco Cobos / Afp

Ved sidan av dei 49 døde er 12 menneske såra, fem av dei alvorleg, opplyste guvernør Jaime Rodriguez på ein pressekonferanse natt til fredag norsk tid. Ifølgje Rodriguez starta uroa under eit oppgjer mellom to rivaliserande gjengar.

Rodriguez avviste samstundes at fangar greidde å rømme, og han fortalde at dei innsette i hovudsak brukte stikkvåpen, balltre og kjeppar i masseslagsmålet

Fangeopprør i fengsel i Mexico.

Ei gråtande kvinne ventar på nytt om ein slektning som er innsett i Topo Chico-fengselet i Monterrey i Mexico.

Foto: Julio Cesar Aguilar / Afp

Opprøret braut ut natt til torsdag lokal tid, og det vart høyrt skyting inne frå fengselet. Det braut også ut brann under tumultane.

– Under kontroll

Styresmaktene i delstaten Nuevo Leon seier at situasjonen no er under kontroll,

I morgontimane torsdag kom det framleis røyk ut frå taket av fengselsbygningen. Store politistyrkar patruljerte utanfor bygningskomplekset, og det var spent då mange pårørande kravde å få kome inn i fengselet.

Fleire hundre familiemedlemer av innsette i fengselet har blokkert gata utanfor for å vente på informasjon om slektningane sine inne i fengselet, og det var samanstøytar mellom desse og væpna politi.

– Vi vil blokkere denne gata heilt til dei gir oss svar. Vi krev å få vite korleis det går med slektningane våre, for vi høyrer at det er over 50 drepne, og ingen frå styresmaktene vil svare på spørsmåla våre, sa Ernestina Grimaldo til nyheitsbyrået AFP. Sonen hennar er ein av dei innsette i Topo Chico-fengselet.

Fengselsopprør i Mexico.

Ein pårørande prøver å bryte opp låsen på ein port i fengselet.

Foto: Julio Cesar Aguilar / Afp
Fengselsopprør i Mexico.

Fleire hundre pårørande har stengt ei gate utanfor fengselet i protest mot at dei ikkje får informasjon om slektningane sine.

Foto: Julio Cesar Aguilar / Afp

Rivaliserande narkotikakartell

Opprøret starta rundt midnatt natt til torsdag lokal tid etter ein krangel mellom to medlemer av dei rivaliserande narkotikakartella Jorge El Credo Hernandez og Juan Pedro El Z-27 Zaldivar.

Det 60 år gamle Topo Chico-fengselet har over 3800 innsette, over det dobbelte av kapasiteten til fengselet. Berre 100 vakter held oppsyn med fangane.

– Dette er eitt av dei vanskelegaste fengsla å halde styr på, og det ligg også i eit veldig komplisert område. Vi må heilt klart sjå på framtida for fengselet, sa guvernør Jaime Rodriguez natt til fredag.

Dette er det siste av fleire blodige fengselsopprør i Mexico dei siste åra. Fengsla er ofte overfylte, og det skal lite til før det blir bråk.

Dette skjer dagen før pave Frans skal innleie sitt første besøk i Mexico. Han skal blant anna besøke eit fengsel i grensebyen Ciudad Juárez, ein av dei mest valdelege byane i verda.

Mexico

Mexicos President: – «El Chapo» utleveres så raskt som mulig

11 drept i konfirmasjonsfeiring

Kan Donald Trump bli USAs neste president?

SISTE NYTT

Siste nytt