Hopp til innhold

450 år gamal mumie kan gje leddgiktsvar

Ein 450 år gamal mumie er fascinerande i seg sjølv, men no kan også «Guano»-mumien gje svaret på korleis leddgikt spreia seg frå Amerika til Europa.

ECUADOR-SCIENCE-MUMMY

450 år gamal, men godt bevart. Forskarar trur munken døde av ein verkebyll eller blodforgifting som følger av ein såkalla fistel i kinnet (ei opning frå munnhola og ut som ofte er forårsaka av ein infeksjon).

Foto: RODRIGO BUENDIA / AFP

Då eit jordskjelv ramma byen Guano i Ecuador i 1949, kollapsa delar av ei gamal kyrkje. Inni ein av veggane stod ei krukke. Oppi krukka var det ein 450 år gamal mumie som i ettertid har vore gjenstand for mykje forsking.

Svar på korleis leddgikt spreia seg

Det skulle vise seg at mumien var godt bevart, og at ein fann verdas eldste sport av leddgikt i mumiens skjelettet.

No har den franske patologen, Philippe Charlier, reist til Ecuador og tatt for seg mumien. Fram til no har forskarane ikkje visst korleis leddgikt spreia seg frå Amerika til Europa, men Charlier meiner mumien kan bidra til å gje svar på dette.

ECUADOR-SCIENCE-MUMMY

Mumien kan gje forskarar svaret på korleis leddgikt spreia seg frå Amerika til Europa.

Foto: RODRIGO BUENDIA / AFP

– Det er ein veldig interessant sjukdom, fordi det i dag er ein vanleg sjukdom, men den oppstod først i Amerika før Christopher Colombus kom til kontinentet. Og denne mumien kan vere den biten me manglar for å kunne forstå korleis denne sjukdommen vart ein global sjukdom, seier Charlier til nyheitsbyrået AFP.

Sjukdommen har spreidd seg genetisk, men framvekst av sjukdommen er i dag også bestemt av andre faktorer enn berre gener.

Låg kaldt og tørt

Patologen har tidlegare undersøkt leivningane etter Adolf Hitler, og i 2007 undersøkte han nokre leivningar som fleire hevda var leivningane av Jeanne d'Arc, men dette avslørte Charlier at dei ikkje var.

No er det altså mumien i Ecuador han så vidt har starta å undersøke.

Ein trur mumien var ein munk eller ein vakt som døde då han var mellom 85 og 90 år gamal, ei gong mellom 1560 og 1565. Det viser undersøkingar som San Francisco University of Quito har gjort.

Mumien er godt bevart, og vart funnen på sida av ei mumifisert mus. Den kalde og tørre lufta der mumien låg førte til at larver og fluger haldt seg unna.

SISTE NYTT

Siste nytt