Hopp til innhold

42 omkom i bussulukke i Marokko

42 menneske omkom då ein buss styrta ned i ei djup kløft utanfor Marrakech i Marokko i dag.

Overlevande får hjelp etter bussulykke i Marokko

Ein baby var blant dei over 20 som overlevde ulukka. Her får han hjelp på eit sjukehus.

Foto: STR / Afp

Ulukka skjedde i dag tidleg på hovudvegen mellom Marrakech og Ouarzazate sør i landet. 25 skadde vart tekne til ulike sjukehus i området, og situasjonen skal vere alvorleg for fem av dei.

Det er uklart om det var utlendingar om bord i bussen. Marokkanske aviser melder at alle om bord var marokkanarar, men dette er ikkje offisielt stadfesta. Marrakech er eit populært turistmål, og det er mange turistar i området.

Det er uklart kva som gjorde at bussen hamna utfor vegen og ned i den 150 meter djupe kløfta.

Dette er truleg den verste bussulukka nokon gong i Marokko.

SISTE NYTT

Siste nytt