Hopp til innhold

400 grindkvalar stranda på New Zealand

500 frivillige gjer alt dei kan for å berge nokre av dei 400 grindkvalane som har stranda sør på New Zealand. 300 av kvalane er alt døde.

Hjelpemannskap kjemper med å redde overlevende grindhvaler.

VIDEO: 400 kvalar stranda.

Det er uklart kva som har ført til at kvalane har stranda på Golden Beach på Farewell Spit, på nordspissen av Sørøya, ikkje langt frå Nelson, men bukta er svært grunn. Kvalane kan ha vorte skylde på land, og så har dei ikkje greidd å kome seg ut igjen frå stranda.

Det er ikkje første gongen dette har skjedd på Farewell Split. Miljøvernstyresmaktene på New Zealand seier at dette er det tredje verste tilfellet av kvalstranding landet har opplevd.

500 frivillige

Frivillige i arbeid for å berge kvalar på New Zealand.

Over 300 frivillige har i heile natt norsk tid kjempa for å berga dei stranda kvalane.

Foto: Anthony Phelps / Reuters

Det verste tilfellet var på den avsidesliggjande Chatham Islands i 1918, medan 450 kvalar stranda i Auckland i 1985.

Rundt 300 frivillige deltek i arbeidet med å prøve å berge dei stranda kvalane. Dei greidde å få mange av dei ut i sjøen igjen, men 90 kvalar vart skylde på land igjen etter kort tid. Dei frivillige har på seg våtdrakter, og dei prøver å halde liv i dei overlevande kvalane ved å halde dei fuktige og kjølige.

Eit ferjeselskap har tilbode gratis tur til området til alle kvalifiserte dyrlegar, og minst ein fjernsynskanal har sendt direkte frå området.

– Det var som gråt

– Vi kunne høyre lyden av plasking og blåsehol som prøvde å reinse pusten, og os sukking. Det var verst for dei yngste kvalane. Gråt er den einaste måten å forklare lyden på, seier Cheree Morrison, som oppdaga dyretragedien.

Morrison er redaktør for eit tidsskrift og var på den aude stranda saman med ein fotograf og ein fotograf for å observere og fotografere den raudglødande soloppgangen, ifølgje NTB.

– Då vi reiste frå staden, strigret eg. Vi visste at det ikkje var så mykje vi kunne gjere, seier ho.

Grindkvalar stranda på New Zealand.

Frivillige prøver å halde liv i kvalane ved å halde dei fuktige og kalde.

Foto: Stringer / Reuters

Morrison og kollegaene hennar oppdaga kvalane natt til fredag lokal tid. New Zealand ligg 12 timar før oss i tid, så fredag morgon her er fedag kveld der.

Ho kontakta styresmaktene, og snart strøymde det på med frivillige for å hjelpe dei rundt 140 kvalane som framleis var i live.

Då det vart flo sjø utover dagen fredag, klarte dei frivillige å få rundt 50 av dei overlevande kvalane ut på sjøen igjen. Dei danna ei menneskekjede for å hindre at kvalane kom inn på stranda igjen.

Nytt forsøk

I ettermiddag gjer dei eit nytt forsøk på få kvalar som har overlevd ut på sjøen igjen, men mange av dei er i dårleg forfatning. Det er frykt for at situasjonen blir vere ettersom timane går fram mot neste flo sjø.

Det er no flo sjø igjen, og det blir gjort nye forsøk på å kvalane til sjøs. Men mørket gjer at arbeidet kan vere både vanskeleg og farleg.

Grindkval blir ikkje rekna som ein utryddingstrua rase.

New Zealand Whale Stranding

Stranda grindkvalar på Farewell Spit nær Nelson på New Zealand. Foto: Tim Cuff / New Zealand Herald via AP / NTB Scanpix

Foto: Tim Cuff / AP
Sørøya New Zealand

SISTE NYTT

Siste nytt