Det har vore harde kampar i grenseområdet dei siste dagane. I går kom det meldingar om at 15 opprørarar var drepne, men i dag vart talet oppjustert til 40.
Generalmajor Shaukat Sultan i den pakistanske hæren sa i hovudstaden Islamabad i dag at hæren sette i verk ein motaksjon mot opprørsgruppene, etter at fire politisoldatar vart drepne tidlegare denne veka.
Han kunne fortelje at rundt 150 opprørarar med band til Al Qaida-nettverket og Taliban deltok i kampane i det nordlege Wasiristan-området.
USA meiner at Al Qaida-leiarane Osama bin Laden og Ayman al Zawahiri oppheld seg i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, og USA har lagt sterkt press på Pakistan for å slå ned på opprørsstyrkane.
Sist månad åtvara Pakistans president Pervez Musharraf alle utanlandske opprørarar som oppheldt seg i grenseområdet om å forlate pakistansk territorium, elles ville dei bli nedkjempa.
Etter at USA styrta Taliban-regimet i Afghanistan etter terrorangrepa mot landet 11. september 2001, søkte mange Sl Qaida- og Taliban-tilhengjarar tilflukt i dei uvegsame grensetraktene mellom Pakistan og Afghanistan.
Desse områda har tradisjonelt vore styrt av lokale krigsherrar og stammehøvdingar, og det har vore vanskeleg for sentralmakta i dei to landa å ta kontrollen.