Båten som var på veg mot ørkenbyen Timbuktu i Nord-Mali delte seg på midten, og dei meir enn 300 passasjerane hamna i vatnet. 43 personar er stadfesta omkomne. Dei aller fleste er barn og kvinner.
Overlasta båt
– Sorga eg kjenner i dag er ikkje til å halde ut, seier Mahmoudou Ibrahim til nyheitsbyrået Ap.
Han står ved grava til sine tre yngste born som i går tidleg vart funne flytande i Niger-elva. Ahmadou på eitt år, Salamata på tre og Fatouma på fire måtte alle bøte med livet då båten dei sat i sank midt ute på elva. Også kona og dei to eldste tvillingdøtrene til Ibrahim har etter alt å dømme måtte bøte med livet.
(Saka held fram under biletet)
Ein båt som kunne transportere 210 menneske hadde, etter det vitne fortel, meir enn 300 passasjerar. Saman med all baggasje var det ikkje mogleg for båten å halde seg flytande. Overlasta båtar er inga nytt i Mali, men dette er den verste båtulukka i landet på lang tid.
– Ein mann drog son min ned
To døgn etter at båten gjekk under leitar framleis pårørande etter sine kjære. Ei av dei er 22 år gamle Niamoye Touré som hadde tatt med seg sin eitt år gamle son på tur heim til Timbuktu. Der skulle besteforeldra få møte soneson sin for første gong. Men slik gjekk det ikkje. Han vart dratt under vatn og drukna.
– Ein mann som ikkje kunne symje tok tak i handa til son min. Han var så tung, og haldt godt fast. Eg måtte sleppe son min om eg skulle overleve sjølv, fortel Niamoye Touré.
Ho står framleis ved elvebreidda og insisterer på å bli verande der til liket av sonen er funnen.
– I dag er eg i live, men deler av innsida mi er død, fordi deler av meg framleis ligg der ute i vatnet, seier Touré.
Mista si gravide kone
Ho deler skjebne med Ibrahim Yattara som mista si gravide kone. Dei to var på veg heim til familien hans i landsbyen Dire for å di dei den gledelege meldinga om at kona var med barn, men livet vart fort snudd på hovudet.
– Ho er den einaste kvinna eg har elska sidan eg var eit lite barn. Me var så glade for at ho var gravid. I dag er eg lei av å leve. Livet har inga meining lenger, seier 29 år gamle Yattara.
Det var lenge frykta at dødstala skulle bli langt høgare, men ei stund etter ulukka hadde hjelpemannskap klart å skaffe seg ei oversikt, og talet på 200 sakna er blitt nedjustert til mindre enn 40 sakna.