NRK Meny
Normal

39 år gammal usbeker sikta for angrepet i Stockholm

Påtalemakta i Sverige meiner at den 39 år gamle usbekaren som blei arrestert fredag kveld er han som køyrde lastebilen som blei brukt i gårsdagens angrep i Stockholm.

Sweden Truck Crash

Området rundt varehuset i det travle handleområdet i Stockholm sentrum er avsperra medan politiet etterforskar hendinga.

Foto: Markus Schreiber / AP

Dei ser ikkje bort frå at det kan ha vore fleire involverte, fortel politiet på ein pressekonferanse laurdag ettermiddag. Säpo skal ha fått tips om 39-åringen i fjor, men fann ingen grunn til å gå vidare med det.

Det var fredag ettermiddag litt før kl. 15 at ein lastebil køyrde inn i varemagasinet Åhlens i Drottninggatan, sentralt i Stockholm. Fire personar er så langt døde, og ti ligg framleis på sjukehus.

Sikta for «terrorbrottsverk»

Denne mannen er etterlyst etter angrepet i Stockholm

Svensk politi offentleggjorde i går dette biletet av ein mann dei etterlyste i samband med lastebilangrepet. følge Aftonbladets kjelder passa mannen som blei pågripen fredag kveld med dette signalementet.

Foto: Polisen / NTB scanpix

Føraren forlét bilen like etter angrepet, og etter fleire timar arresterte politiet ein 39 år gammal mann som dei meiner er føraren av lastebilen, godt hjelpt av fleire vitne.

Det var ein butikk i forstaden Märsta nord for byen som varsla politiet om ein mann dei meinte hadde ein uvanleg oppførsel. Ifølge vitne skal han ha hatt glassplintar på kleda.

I løpet av natta blei mannen sikta for «terrorbrottsverk» og brott mot «rikets tryggleik».

Mannen er ein 39 år gammal firebarnsfar, opphavleg frå Usbekistan.

39-åringen har fått utnemnd Johan Eriksson som forsvarar – ein av Sveriges best kjende advokatar, ifølge Aftonbladet.

– Eg forsvarer ikkje brottsverket. Eg forsvarer ein person som for augeblikket berre er mistenkt, seier han til den svenske avisa.

Den mistenkte skal bli avhøyrt så snart som mogleg, seier påtalemakta.

Politiet vil ikkje kommentere koplingar til radikal islamisme

Ifølge Aftonbladet har mannen lasta opp propagandafilmar for IS og han skal ha likt eit bilete av blodige menneske etter terrorangrepet mot Boston maraton i 2013, men politiet har ingen kommentar til dette.

Også gjerningsmannen bak angrepet på metroen i St. Petersburg måndag skal ha hatt usbekisk opphav, sjølv om han kom frå nabolaget Kirigistan. Det same hadde mannen bak nattklubbangrepet i Istanbul nyttårsaftan.

Sentral-Asia er kjend for å vere eit viktig rekrutteringsområde for IS. Ifølge New York-baserte The Soufan Group som held oversikta over framandkrigarar i IS er det rundt 500 som kjem frå Usbekistan, og det same frå Kirgisistan.

Svensk politi har ikkje auka terrortrusselnivået etter angrepet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt