NRK Meny
Normal

381 sivile slakta ned

381 sivile er drepne i kampane i den somaliske hoveudstaden Mogadishu dei siste dagane, opplyser ei menneskerettsgruppe i landet.

Mange sivile er drepne i kampar i Mogadishu.
Foto: SHABELLE MEDIA / REUTERS

I tillegg til dei drepne er 565 sivile såra, opplyser Elman, ei somalisk freds- og menneskerettsgruppe.

Dette er dei første uavhengige tala på drepne og såra sivile sidan kampane blussa opp igjen i Mogadishu sist veke.

Kampane frå torsdag til søndag var dei hardaste i Somalia på 15 år.

 

 

Raymond Johansen
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Situasjonen i Mogadishu har roa seg etter at det vart semje om ei våpenkvile. Samstundes gjer den internasjonale kontaktgruppa for Somalia, som blir leidd av Noreg, nye forsøk på å få til ein varig fred i landet.

Denne gruppa held møte i Kairo i Egypt i dag, og statssekretær Raymod Johansen leier møtet der diplomatar frå både USA, EU og Afrika deltek.

Meldingar frå Mogadishu i dag tyder på at det er fredeleg i byen, men opprørarar frå rivaliserande klaner og islamistmilitsen ligg framleis på vakt bak sandsekker og  i trange smug.

Etiopiske og somaliske regjeringssoldatar held auge med dei frå stillingar like i nærleiken.

Det er planlagt snarlege møte mellom leiarar frå den mektige Hawiye-klanen og etiopiske offiserar. Etiopia gjekk inn i Somalia for å støtte samlingsregjeringa for å jage islamistane ut av Mogadishu.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt

Laster Twitter-innhold

14 åring arrestert for å danse på gaten i Saudi-Arabia

Tenåringen ble pågrepet for «umoralsk opptreden» etter at en video der han danser i gaten i Saudi-Arabia tok av på nettet.