NRK Meny
Normal

38 drepne etter valdsbølgje i Sør-Sudan

Nye kampar forlenger krisa i Sør-Sudan. 38 menneske er drepne dei siste dagane, etter fleire samanstøytar i den urolege og oljerike regionen Upper Nile.

SSUDAN-UNREST-CRISIS-WEATHER-FLOOD

Kampane har herja i Malakal i fleire månader. Den oljerike byen er lagt i ruinar. Men også naturkatastrofar har øydelagd for folket her. Dette er eit arkivbilete frå august i fjor då mange menneske var drivne på flukt av flaum.

Foto: CHARLES LOMODONG / Afp

Det er førebels ikkje kjent kva som er årsaka til at kamphandlingane starta opp att så plutseleg.

Kampar mellom regjeringshæren og opprørarar som støtter tidlegare visepresident Riek Machar har ført til at minst 38 liv har gått tapt. I tillegg fører kampane til endå meir og uro og fleire på flukt i det krigsherja landet.

Etniske kampar

Sør-Sudan har det siste halvanna året vore gjennom tøffe tider. President Salva Kiir, og hans tidlegare visepresident Riek Machar, har ført ein bitter maktkamp.

Dei to politikarane har ulike etniske opphav, og tilhengjarar av dei to har ført kampar sidan krisa var eit faktum i desember 2013.

Denne veka har det på ny blussa opp vald i regionen Upper Nile, der 36 soldatar frå opprørshæren til Machar skal ha mista livet. I tillegg skal det også ha vore trefningar mellom vaktene til delstatens guvernør og regjeringsstyrkar. To soldatar mista livet i desse kampane.

Kampane fann stad i byen Malakal, kor det har vore kampar fleire gonger i det siste. Det har skifta på kven av dei krigande partane som har kontroll over byen, og byen er stort sett lagd i ruinar.

Barnesoldatar og tusenvis på flukt

Nokre av soldatane som har vore i kamp tilhøyrar ein lokal milits som er leia Johnson Olony. Militsen støtter Salva Kiir si regjering, og har lenge kjempa mot visepresident Riek Machar sine menn. Seinast i sist veke vart Olony skulda av FN for å bruke barnesoldatar, og fekk ordre om å rapportere til FN sin operasjon i Sør-Sudan.

To hjelpeorganisasjonar har innstilt sin innsats i regionen etter uroa. Legar utan grenser og Verdas Matvareprogram (WFP) har begge trappa ned sin innsats kraftig dei siste dagane. WFP saknar framleis tre av sine tilsette, som har vore sakna sidan dei hamne midt oppi kampar den 1. april.

Berre i april har minst 4.600 menneske blitt drivne på flukt frå Malakal, som er området i Upper Nile kor kampane har funne stad den siste tida.

Desse føyer seg inn i ei altfor lang rekke av menneske som for tida er på flukt frå kampane i Sør-Sudan. Augevitne fortel til avisa Sudan Tribune at mange flykta inn i ein FN-leir då kampane i Malakal tok til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt