– Han var ein beskjeden, einsam ulv

Ein 38 år gammal mann er pågripen i Malmø, mistenkt for å stå bak ei rekkje skyteepisodar i byen. Naboane omtalar han som ein beskjeden og einsam ulv.

Politiet går inn i bustaden til den arresterte 38-åringen

Politiet går inn i bustaden til den arresterte 38-åringen i dag.

Foto: Claudio Bresciani / Afp
Skyting i Malmø

Ein eller fleire personar har gått rundt og skote på tilfeldige personar i Malmø i lang tid.

Foto: Stig Åke Jönsson / Scanpix
skyting i Malmø fredag

Politiet har leita etter gjerningspersonar lenge...

Foto: Helge Carlsen / NRK
Skyting i Malmø

.. og folk i Malmø har vore redde for å gå ut om kveldare.

Foto: Stig Åke Jönsson / Scanpix

38-åringen som er pågripen, er mistenkt for drap og drapsforsøk, opplyser politiet. Han vart pågripen i sentrum av Malmø i går kveld.

Naboar omtalar mannen til svenske Aftonbladet som ein einsam og beskjeden ulv.

Mistenkt for drap

– Mannen vart pågripen «in absentia» av etterforskingsleiar Solveig Wollstad laurdag ettermiddag og vart pågripen laurdag ved 18-tida, skriv politiet i ei pressemelding.

Det har vore mellom 50 og 60 skyteepisodar i Malmø det siste året. Femten av desse omtalar politiet som uforklarlege.

– Mannen som er pågripen, er mistenkt for å ha tilknyting til skyteepisodane som har gått føre seg i Malmø den seinare tida, skriv politiet.

– Han vart pågripen i trappa og vart beden om å legge seg ned, seier naboen som var vitne til pågripinga.

Kom med hjelm og skjold

Eit vitne fortel til det svenske nyheitsbyrået TT at pågripinga skjedde i 18.30-tida.

– Eg såg mange politifolk med hjelm og skjold som smaug seg rundt omkring. Det heile var veldig diskret, seier vitnet.

– Alt gjekk veldig roleg føre seg og det var ingen samanstøytar. Politiet såg ut til å ha god kontroll, seier vitnet som fortel at polititeknikarar tok med seg pappesker, posar og meir til.

Det heile var ifølgje vitnet over før klokka 20.

Pressekonferanse kl. 13

Ei ung kvinne er drepen og åtte personar er skadde. Ved fleire av episodane, medrekna drapet, vart det samme våpenet brukt.

Drapsofferet var den einaste utan innvandrarbakgrunn. Ho var saman med ein mann med utanlandsk opphav då ho vart skoten.

Det blir pressekonferanse om pågripinga klokka 13 i dag. Politiet melder at dei ikkje kjem til å kommentere pågripinga før dette.

Spreidde frykt

Basi Hasan ble skutt mot i Malmø

Basi Hasan er ein av fleire med innvandrarbakgrunn som vart skoten mot i Malmø.

Foto: SVT
Falsk SMS sprer frykt i Malmø

Hei dette er politiet. Vi vil berre åtvare mot å gå ut etter klokka 18! Gå ut, men ver forsiktige. Ein mann går rundt i Malmø med pistol og skyt folk, står det i den falske SMS-en.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Ei kartlegging av gjerningspersonen viser at han slår til i mørkret og ofte smyg seg opp til offeret bakfrå og gøymer seg i busker eller bak tre.

I eitt år har politet jakta på denne personen, men har slite med å få gjennombrot.

Dei har mangla motiv og det einaste dei har hatt å jobbe med er at alle offer har innvandrarbakgrunn.

Skyteepisodane har derfor blitt samanlikna med det som skjedde i Stockholm i starten på 1990-talet, då den såkalla «Lasermannen» heldt på i same stil.

La igjen DNA på panne

eier av forretning Malmø

Svensk-iranaren Naser Yazdanpanah fekk nærkontakt med skyttaren.

Skreddaren Naser Yazdanpanah var den som fekk mest nærkontakt med skyttaren. Han vart angripen då han stod og strauk kle i sin eigen butikk då ein mann skaut to gonger mot butikkvindauget.

Iranske Yazdenpanah sprang ut på gata og kom i basketak med ein mann som svarte med å skalle han ned.

Skreddaren forklarte at gjerningspersonen var ein mann på 170 centimeter med tredagersskjegg og normal kroppsbyggnad.

Han gav også eit signalement med påkledning, men politiet leitte heile kvelden etter ein mann med raud refleksjakke og svart caps - utan resultat.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt