Hopp til innhold

Minst 37 mista livet i styrtregn i Beijing

Ti menneske er omkomne og over 50 000 personar er evakuerte frå den kinesiske hovudstaden etter det verste vêret på over 60 år.

Styrtregn i Beijing

FLAUM: Ein bil blir henta opp frå vassmassene medan innbyggarar samlar seg for å følge med i Beijing

Foto: JOE CHAN / Reuters

Regnvêret er det verste som har åka Beijing på 61 år, og det er venta meir nedbør både nordaust og sørvest i Kina i dag, ifølgje statlege medium.

Kaos i gatene

– Gamle kvinner vassa gjennom gatene, og butikkeigaar prøvde desperat å leie vatnet unna butikkane sine, seier 20 år gamle Reece Ayers, ein britisk student i Beijing til BBC.

Den britiske studenten i Beijing seier til BBC at regnvêret var så voldsomt at det var som å stå under ein foss. Ein annan seier han var livredd for å dette ned i ein av dei mange kummane som ikkje var synlege på grunn av alt vatnet.

Bilen under tre meter med vatn

Ein syklist i Beijing

OVERSVØMT: Ein syklist tek seg fram i oversvømte gater i Beijing.

Foto: CHINA DAILY / Reuters

Regnet pøste ned over Beijing heile laurdag. Kraftige vindkast har teke med seg hustak og regnet har ført til oversvømte gater.

På ein av ringvegane i byen omkom ei kvinne etter at bilen hennar blei ståande under tre meter med vatn i ein undergang.

Andre mista livet i trafikkulukker og på grunn av tak som raste saman. Ein politimann døydde av elektrosjokk idet ei straummast fell ned.

Talet på omkomne kan kome til å stige fordi eit ukjent tal menneske er sakna, deriblant fleire redningsfolk.

Jordras og innstilte flyavgangar

Dei 50 000 innbyggarane er for det meste evakuerte frå høgtliggande område i utkanten av Beijing på grunn av jordras.

Nord i landet, i provinsen Shanxi, har fire personar mista livet og minst éin personer sakna etter at ein bil blei teken av flaumen då den var på veg over ei bru.

I gjennomsnitt fall det 170 mm regn i løpet av laurdagen. I tillegg til at ei rekkje vegar står under éin meter vatn, er over 500 flygningar frå Beijing innstilt.

SISTE NYTT

Siste nytt