Hopp til innhold

361 golden retrieverar samla i Skottland for bursdagsfeiring

Hunderasen golden retriever fyller 150 år i år. Denne veka møttest fleire av dei i Skottland for å feire seg sjølve.

Hunderasen fyller 150 år

Det er Golden Retriever Club of Scotland som står bak arrangementet.

I år møttest 361 golden retrieverar i Skottland for å feire hunderasen sin bursdag. Ifølgje arrangørane er dette verdsrekord i talet på golden retrieverar som er samla på same stad.

– Under samlinga i 2006 hadde vi 222 frammøtte, og i år kom 361. Det skulle berre mangle at vi har slått rekorden under dette jubileet, sa leiar Doreen McGuan til Metro UK.

Hunderasen vart avla fram i Tomich i Skottland av Dudley Marjoribanks, også kjent som Lord Tweedmouth, i 1868.

SISTE NYTT

Siste nytt