Hopp til innhold

35.000 glas vatn til festglade norske ungdomar

Den norske sjømannskyrkja har i sommar delt ut 35.000 glas med vatn til festglade norske ungdomar i partybyane Magaluf på Mallorca og Ayia Napa på Kypros.

Utdeling av vatn i Magaluf.

Sjømannskyrkja har kvar kveld i heile sommar delt ut vatn til festglade norske ungdomar i partygata Punta Ballena i Magaluf på Mallorca.

Foto: Morten Opedal / Sjømannskirken

Frivillig i Den norske sjømannskyrkja , May-Irene Wergeland, brukte to veker av ferien sin i år til å hjelpe norske ungdomar. Utstyrt med vatn, plaster og mykje omsorg har Sjømannskyrkja sine folk vore på plass i utelivsgatene på Mallorca og Kypros i seks veker sidan slutten av juni. Arbeidstida var frå 23 til 03.

Utdeling av vatn i Magaluf.

May-Irene Wergeland brukte to veker av ferien sin til å hjelpe norske ungdomar i partybyen Magaluf på Mallorca.

Foto: Morten Opedal / Sjømannskirken

– Det var eit klart behov for at vi var der. Mange ungdomar var glade for å få vatn, og for å få ein samtale med ein vaksen. Vi fekk høyre sterke historier, fortel May-Irene Wergeland.

– Kjende seg pressa

Ho sette stor pris på å vere med som nattevandrar i den 800 meter lange bargata Punta Ballena i Magaluf. Kvar kveld i høgsesongen er det rundt 10.000 turistar her, blant dei mange norske ungdomar.

– Vi møtte mange kjekke ungdomar, dei fleste var 17 til 19 år gamle og saman med vener. Ein del kjende seg pressa til å vere med på ting dei eigentleg ikkje ville, slik som å gå på strippeklubb, prøve narkotika og møte prostituerte. Det var fleire som tok seg ein pause i festinga saman med oss, seier ho.

Linn Mevold Skogheim

Linn Mevold Skogheim er kommunikasjonssjef i Sjømannskyrkja.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kommunikasjonssjef i Sjømannskyrkja, Linn Melvold Skogheim, opplyser til NRK at det er første gong dei har «patruljert» gatene i Magaluf og delt ut vatn. Sjømannskyrkja på Mallorca ligg like ved Punta Ballena.

– Positive tilbakemeldingar

Sjømannsprest Jan Oddvar Skisland seier at dei lenge har sett behovet for å vere til stades blant dei festglade norske ungdomane i Magaluf.

– Vi har sett behovet for førebyggjande tiltak, og tilbakemeldingane frå i sommar er svært positive. No håpar vi å vidareføre tiltaket neste år, seier han. Han fortel at dei har delt ut rundt 10.000 glas med vatn i Magaluf i desse seks vekene.

I Ayia Napa på Kypros har Sjømannskyrkja, i samarbeid med Svenska Kyrkan, drive nattevandring sidan 2012. Her vart det delt ut 25.000 glas med vatn i løpet av sommaren.

Sjømannskyrkja ynskte også å ha nattvandrarar i Alanya i Tyrkia i sommar, men fekk ikkje godkjenninga på plass i tide.

Alkoholrelaterte skadar

Europeiske Reiseforsikring har støtta nattevandringane økonomisk. Assisterande informasjonsdirektør Emma Lisabeth Vennesland seier at dei ser på det som eit førebyggjande tiltak.

– I sommarsesongen har vi mange alkoholrelaterte skadar, slik som infeksjonar, fallskadar og alkoholforgifting. Derfor er dette viktig førebygging, seier ho.

Partygata Punta Ballena i Magaluf.

10.000 menneske samlar seg kvar kveld i høgsesongen i partygata Punta Ballena i Magaluf på Mallorca.

Foto: Morten Opedal / Sjømannskirken

LES OGSÅ: 1192 nordmenn døydde i utlandet i fjor

LES OGSÅ: Bur på sjukeheim i Spania - vil ikkje heim til Noreg

LES OGSÅ: – Dødsfall i Spania er «big business»

LES OGSÅ: Norsk eldrebølgje i Spania - dobling av sosialsaker

SISTE NYTT

Siste nytt