34 migrantar funne døde i ørkenen

34 menneske, 20 av dei born, har tørsta i hel i ørkenen i Niger. Menneskesmuglarar har truleg late dei bli igjen for å døy.

Laster kart, vennligst vent...
Bent Tanstad
Journalist

I tillegg til dei 20 borna var det også fem menn og ni kvinner blant dei omkomne. Dei har prøvde å krysse ørkenen for å kome til Algerie, der dei truleg hadde tenkt å kome seg vidare til Europa.

I ei fråsegn frå styresmaktene i Niger heiter det at dei 34 vart funne nær Assamaka, ein overgang på grensa mellom Niger og Algerie, og at dei etter alt å dømme var kome dit saman med menneskesmuglarane.

– Døydde av tørst

Så har smuglarane late dei vere att for å døy i den ugjestmilde Sahara-ørkenen.

Dei døydde truleg av tørst, blir det opplyst. Med ein varme på 42 grader i skuggen, og det er svært lite skugge i ørkenen, i tillegg til at det herjar sandstormar i området, er det svært vanskeleg å greie seg i ørkenen.

– Det er ikkje uvanleg at menneske på flukt døyr av mangel på vatn i ørkenen. Dei 34 vart funne nær Assamaka, seier ei tryggingskjelde til nyheitsbyrået AFP.

Styresmaktene i Niger fryktar at mange fleire kan ha mist livet, men at dei kan vere skjulte i sanden etter sandstormane.

Siem Pilot reddet 653 flyktninger

Listhaug: - Ein marknad styrt av politiske signal

Ville til Algerie

Berre to av dei 34 omkomne er identifiserte, og det er slått fast at begge er frå Niger.

Algerie har overteke som transittland for menneske som prøver å kome seg til Europa frå Niger og Mali. Tidlegare var det vanlegast å reise via Libya, men den ustabile politiske situasjonen der har gjort det vanskeleg.

Det er uklart kor mange menneske som greier å kome seg over grensa mellom Niger og Algerie, men ein avtale mellom dei to land har ført til at over 7000 menneske vart returnerte til Niger i 2015.

Drukna i Middelhavet

For dei som kjem seg gjennom ørkenen, og som får plass på menneskesmuglarane sine skrøpelege farkostar, endar det også ofte i tragedie. Rundt 3000 migrantar har drukna i Middelhavet under forsøk på å nå Europa hittil i år.

Mer enn 10 000 har druknet i Middelhavet siden 2014

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt