NRK Meny
Normal

33 burundiske flyktningar døde av kolera

Eit kolerautbrot har teke livet av 33 personar som nyleg har flykta frå uroa i Burundi. Presidenten meiner 99,9 prosent av Burundi er trygt, og ber folk kome heim att.

BURUNDI-POLITICS/CHOLERA Volunteer paramedics carry on a stretcher a Burundian refugee patient at a makeshift clinic on the shores of Lake Tanganyika in Kagunga village in Kigoma region in western Tanzania

To hjelpearbeidarar hjelper ein sjuk person ved flyktningleiren ved Kigoma i Tanzania. 33 personer er no døde av kolera ved flyktningleiren.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

– Talet på flyktningar som har mista livet av kolerautbrotet har no nådd 33, seier Leonard Subi, som er medisinsk leiar i den tanzanianske byen Kigoma.

Kolera er ein dødeleg sjukdom som angrip mage- og tarmsystemet. Dehydrering er vanleg, og i løpet av eit døgn kan ein person miste mellom 10 og 15 liter væske på grunn av kolera.

– 99,9 prosent av Burundi er trygt

Smitta spreiar seg raskt i område kor folk bur tett, og kor det er dårleg tilgang på reint vatn og gode sanitære forhold.

Flyktningane har reist frå Burundi i frykt for at uroa i landet kan utvikle seg til ein blodig konflikt.

President Pierre Nkurunziza meiner at det ikkje finst nokon grunn til at flyktningane ikkje skal vere i Burundi.

– 99,9 prosent av Burundi er trygt, sa han i dag i ein TV-sendt tale, og oppmoda dei 110.000 menneska som har flykta kom heim att.

BURUNDI-UNREST-POLITICS

Uroa i Burundi held fram. Dette biletet er teken i Bujumbura i dag. I dag vart ein soldat drepen, og ein medsoldat hevdar det var ein politimann som skaut.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

– Politimann skaut soldat

Men 100 prosent trygt er det ikkje. Dei siste vekene er minst 20 personar drepne i opptøyane i Burundi. I dag vart ein burundisk soldat drepen. Ifølgje ein soldat skal det ha vore ein politimann som skaut soldaten.

Burundisk politi og militære har spelt ulike roller i uroa i Burundi. Medan politiet har forsøkt å roe ned demonstrasjonane, så har militæret haldt seg meir rolege overfor demonstrantane.

Då ein militærgeneral prøvde å gjennomføre eit kupp vaks det fram eit klart skilje i det burundiske militæret. Ein fraksjon ønska at presidenten går av, medan den andre fraksjonen ønska at han skulle halde fram.

Demonstrantane har vore særs misnøgde med president Pierre Nkurunziza fordi han vil stille som kandidat i presidentvalet i juni.

Utsette parlamentsval

I dag vart det på nytt bråk då landets parlamentsval vart utsett. Valet er ikkje det same som det omstridde presidentvalet. Parlamentsvalet skulle etter planen bli gjennomført den 26. mai, men er no utsett til 5. juni.

Burundis valkommisjon seier at grunnen til utsettinga er at det ikkje er mogleg å halde eit fritt og demokratisk val i Burundi slik situasjonen er no.

Ein av leiarane for demonstrasjonane, Vital Nshimirimana, i landet seier at tilhøva ikkje kjem til å vere noko betre den 5. juni, så lenge ikkje presidenten trekk sitt presidentkandidatur.

– Denne utsettinga vil ikkje gje nokon effekt, fordi dei grunnleggjande problema varer ved – det at President Nkurunziza stiller til val for tredje periode, seier Nshimirimana.

Førebels er det omstridde presidentvalet planlagd til 26. juni. Fleire internasjonale aktørar har sagt at tilhøva i Burundi ikkje ligg til rette for eit demokratisk val om ikkje situasjonen betrar seg i nær framtid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt