Hopp til innhold

323 behandla for vald i Zimbabwe

Hudrevis av pasientar er behandla for skadar etter vald og tortur i etterkant av presidentvalet.

Opprørspoliti foran Høyesterett
Foto: HOWARD BURDITT / REUTERS

Ei uavhengig legeforeining i Zimbabwe seier medlemmene deira har behandla 323 pasientar som har vore utsett for vald og tortur etter det omstridde valet 29. mars.

Truleg fleire overgrep

Talet på overgrep er truleg langt større, seier Zimbabwes legeforeining for menneskerettar (ZADHR).

– Det er truleg mange slike saker rundt om i landet der ofra ikkje har kome til medlemmer av ZADHR, seier foreininga i ein pressemelding.

Samarbeid for å stoppe valden

I dei aller fleste tilfella er det politifolk eller militære som står bak valden, opplyser foreininga.

ZADHR ber FN, Den afrikanske union og SADC, samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika, engasjere seg sterkare for å få slutt på overgrepa.

SISTE NYTT

Siste nytt