NRK Meny
Normal

31 truleg døde etter bygningskollaps

15 menneske er stadfesta omkomne og 16 andre er sakna etter at ei bustadblokk kollapsa i den kinesiske byen Guiyang tidlegare denne veka. Sjå den dramatiske videoen av bygningskollapsen her.

Bustadblokk kollapsa i Giyang i Kina

VIDEO: Bustadblokka kollapsa i Kina

Det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua opplyser at den ni etasjar høge bustadblokka kollapsa på grunn av kraftig regn og eit etterfølgjande jordskred. Over 100 brannmenn og soldatar frå den kinesiske hæren deltok i redningsarbeidet, men framleis er 16 menneske sakna. 15 er stadfesta omkomne.

Det budde 114 menneske i bustadblokka.

Guiyang er hovudstaden i provinsen den sørlege kinesiske provinsen Guizhou. Ifølgje Wikipedia bur det rundt tre millionar menneske i byen og det nærliggande området rundt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt