NRK Meny
Normal

Redda 3000 freda dyr frå å bli middagsmat

Tollarar i Thailand berga onsdag 3000 freda dyr og reptil frå ein lagnad som menneskemat. Eit vogntog skulle frakta dyra ulovleg ut av landet.

Video Gigantbeslag av truga dyr i Thailand

Den globale Washington-avtalen forbyr kommersiell handel med freda dyr. Onsdag stoppa tollvesenet i Thailand ulovleg eksport av nesten 3000 skjelpadder, reptil og andre artar som står i fare for å bli utrydningstruga.

Palmesivett

Asiatiske palmesivettar var blant dyra tollarane konfiskerte.

Foto: Reuters TV

Dyra var ved svært dårleg helse då dei blei oppdaga om bord i ein trailer ved grenseovergangen Prachub Kirikan, sør i Thailand.

I alt fann tollarane 2721 dyr og reptil som var gøymde i plastsekkar og kassar bak i traileren: 1.940 kjempereptil, 717 skjelpadder, 44 palmesivettar (snikekattfamilien), 15 kobraslangar og fem kongekobraer.

– Dyra hadde ein samla verdi av fire millionar baht (ca 750.000 norske kroner; journ.anm.). Alle var til å eta, seier direktøren for det thailandske Tollvesenet, Prasong Poonthanet til Reuters.

Dehydrerte og sjuke

Døde skjelpadder

For fleire av skjelpaddene kom redninga for seint.

Foto: Reuters TV

Dei konfiskerte dyra kjem opphavleg frå Thailand. Dei skulle truleg eksporterast ulovleg til eit anna land over grensa i nord.

Gjennom Washington-konvensjonen (CITES) er Thailand forplikta til å regulera handelen av utrydningstruga dyr og planter.

Av dei fleire tusen eksemplara som vart funne i gigantbeslaget onsdag, var dei fleste underernærte, dehydrerte og sjuke. Mange vanstelte skjelpadder var allereie døde.

I staden for å hamna på middagstallerkenar, vil dei konfiskerte dyra som framleis er i live bli frakta til Ratchaburi, om lag 120 kilometer vest for Bangkok. Der vil dei bli tekne hand om av Departementet for nasjonalparkar, naturforvalting og miljøvern.

– Dei blir sendt av garde med det same fordi det hastar med å gje dei næring og vatn. Mange av desse dyra er avhengige av konstant tilgang til vatn, fortel tolldirektør Poonthanet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt