Hopp til innhold

Draumen om Europa er framleis sterkare enn frykta for døden

Det er eit år sidan 360 flyktningar mista liva då båten dei sat i tok fyr og kantra i Middelhavet. Men flyktningstraumen held fram. Berre i år har 3000 menneske mista livet på veg over havet til Europa. Europeiske land får kritikk frå fleire hald for å gjere alt for lite.

ITALY-MIGRANTS/ Coffins containing bodies of migrants who died are carried off a navy ship at the Sicilian harbour of Augusta

Nokre kjem til Europa for første gong – i kiste. Sidan nyttår har meir minst 3000 menneske mista liva sine på Middelhavet. Dei er alle på jakt etter eit betre liv i Europa. Europeiske land får kritikk frå FN for at dei ikkje gjer nok.

Foto: ANTONIO PARRINELLO / Reuters

Kister med døde flyktninger på Lampedusa

Lukta av død låg over den vesle italienske byen Lampedusa i oktober i fjor etter at ein båt gjekk ned, og 350 menneske mista liva.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

I små og store båtar av dårleg kvalitet legg dei ut på ei strabasiøs ferd. Dei kjem frå Afrika, men ønskjer seg til Europa, der dei har ein draum om å starte eit nytt og betre liv. Kanskje dei skal få seg ein jobb, sende pengar heim til familien og lære eit nytt språk og ny kultur.

Høyr radiosak om flyktningstraumen i Middelhavet.

Men for tusenvis av flyktningane stopper reisa før dei når Europa. Sidan år 2000 skal rundt 22 000 menneske ha drukna på veg over Middelhavet. Berre sidan nyttår er det registrert over 3000 dødsfall.

Vil at verda skal vakne

Middelhavet er verdas desidert farlegaste kryssing for verdas flyktningar, viser ei oversikt utarbeida av «International Organization for Migration» (IOM), som denne veka kom med ein rapport på tema.

Oversikt flyktningsdødsfall

I denne oversikta som er utarbeida av «International Organization for Migration» er alle registrerte dødsfall av flyktningar som dør under kryssing av landegrenser. Det er berre registrerte dødsstall som er tekne med, og må difor sjåast på som eit minimumsanslag.

Foto: International Organization for Migration

No ber IOM verda om å vakne.

– Vår bodskap er tydeleg. Det døyr flyktningar som ikkje treng å døy. Det er på tide å gjere meir enn å berre telje tala på offer. Verda må bli engasjert for å stoppe denne valden mot desperate flyktningar, seier direktøren for IOM, William Lacy Swing.

Norsk skip hjelp til

For eit år sidan var Europas auge retta mot ei lita øy i Middelhavet. Lampedusa har lenge vore første europeiske stoppestad for flyktningar på jakt etter eit betre liv. Men den 3. oktober 2013 skjedde det som ikkje skal skje.

Ein båt tok fullstendig fyr, og mange hundre flyktningar hamna i havet. 360 av dei kom aldri til Lampedusa i live.

Det var ikkje første gongen flyktningar drukna, og det vart ikkje siste gongen. I midten av september i år vart det endå verre då nok ein båt med flyktningar gjekk ned utanfor Malta. Meir enn 500 menneske omkom.

Nokre av dei overlevande har sagt at det var menneskehandlarane som stod bak reisa som senka båten med vilje.

SPAIN-AFRICA-MIGRATION

Desse klarte det. Vel framme i Spania jublar dei unge afrikanske mennene.

Foto: MARCOS MORENO / Afp
ITALY-IMMIGRATION-REFUGEE-AFRICA

Båtane som dei mange flyktningane brukar er ofte av dårleg kvalitet og stappfulle av flyktningar.

Foto: HO / Afp
Cyprus Migrants

Her får ein båt med flyktningar hjelp av kystvakta utanfor Kypros.

Foto: Haris Milonas / Ap

Stor redningsoperasjon vert lagt ned

Det er gjort nokre forsøk på å hjelpe dei som forliser i Middelhavet, og mellom anna har eit norsk skip bidratt til at rundt 2500 menneske har blitt plukka opp frå havet. Det skriv Aftenposten. Men straumen av flyktningar har ikkje stoppa sjølv om mange hamnar i sjøen.

– Det paradoksale er at me på eit tidspunkt, der ein av sju av alle menneske i verda er flyktningar, ser ein oppsiktsvekkande krass behandling av flyktningar i den utvikla delen av verda, seier Swing i IOM.

I kjølvatnet av tragedien utanfor Lampedusa prøvde innførte italienske styresmakter enkelte tiltak for å prøve å hjelpe dei mange båtflyktningane. Operasjonen fekk namnet «Mare Nostrum», som betyr «Vår sjø». Så langt skal 140 000 menneske ha fått hjelp. Det er eit gjennomsnitt på 380 liv om dagen.

Men no har italienske styresmakter fått nok av manglande økonomisk hjelp frå andre EU-land, og seier at dei vil stoppe «Mare Nostrum» innan 1. november. Ein ny operasjon vil starte i staden for, men ekspertar og redningsarbeidarar meiner den nye operasjonen på langt nær vil ha same effekt som «Mare Nostrum».

Det er kriser og krigar som dei i Syria og Libya som får straumen til å halde fram med full styrke. Også uro og menneskerettsovergrep i Somalia, Sudan og Eritrea bidreg til at mange flyktar mot Europa.

Krass kritikk mot Europa

Men i Europa er lysten på å gi dei flyktande opphaldsløyve likevel svinnande liten. EU-kommissær Cecilia Malmström er blant dei som har kritisert solidariteten hos EU-land.

– Når det kjem til å akseptere flyktningar så er solidariteten blant EU-land bortimot ikkje-eksisterande. I nokre land er det berre nokre titals flyktningar som årleg får opphald. Det er ikkje anna enn skamfullt, seier Malmström ifølgje AFP.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har bedt EU om å bidra med meir ressursar til redningsmenn på havet, og til å få fart på arbeidet med å leggje til rette for lovlege og trygge alternativ til sjøtransport.

– Om Europa ikkje lukkast med å gjennomføre slike tiltak, så vil mange fleire liv gå tapt, og hendingar slik som ulukka utanfor Lampedusa vil bli vanlegare, skriv UNHCR i eit skriv.

I dag vert ulukka for eit år sidan markert i Italia i form av ein minneseremoni. Der skal også EU-parlamentets president Martin Schulz delta.

SISTE NYTT

Siste nytt