NRK Meny
Normal

300.000 treng akutt hjelp på Haiti

Martha Kristine Syvertsen, representant for Kirkens Nødhjelp på Haiti, fortel at orkanen som herja landet har gjort stor skade på infrastrukturen. Samstundes aukar faren for at kolera-epidemien skal forverre seg.

Intervju med Kirkens Nødhjelp-representant

VIDEO: Verste på Haiti sidan jordskjelvet i 2010

Offisielt har elleve menneske mist livet etter orkanen «Matthew», men mange er sakna. Orkanen har gjort så stor skade at styresmaktene har utsett presidentvalet, som var planlagt til førstkomande søndag.

Martha Kristine Syvertsen fortel i eit videointervju med NRK at haitiske styresmakter reknar med at rundt fem millionar menneske er ramma av naturkatastrofen, som er den verste i den fattige øystaten sidan jordskjelvet i 2010.

Øydelagde avlingar

Orkanen Matthew herjar Haiti.

Ein del av ein øydelagd fiskebåt har skylt på land.

Foto: ANDRES MARTINEZ CASARES / Reuters

Rundt 300.000 har truleg kritiske behov for vatn, mat og husly. Etter det vil det blir stort behov for vidare hjelp fordi åkrane med avlingane er øydelagde, husdyr er døde og fiskebåtar er knuste. Dei fattigaste er hardast ramma .

– Telefonnettet i hovudstaden Port-au-Prince fungerer, men andre stader er situasjonen verre. Mange bruer og vegar er øydelagde, og det er ikkje mogleg å få oversikt over situasjonen i andre område. Verst er det truleg i nordvest, som vart sist ramma, seier Syvertsen.

Ho er spesielt uroa for at kolera-epidemien, som har herja landet, skal bli verre som følgje av orkanen. Over 9000 menneske er døde av kolera på Haiti sidan 2011, og det er frykt for at den farlege sjukdomen skal ramme endå hardare.

Reint drikkevatn

Det ekstreme regnet som kom i samband med orkanen «Matthew», har ført til flaum og jordras. Det har ført til at drikkevatn har vorte blanda opp med kloakk, og dette er grobotn for kolera og andre smittsame sjukdomar.

Orkan og flaum på Haiti.

Det kraftige regnet i samband med orkanen «Matthew» har gjort stor skade på infrastrukturen.

Foto: HECTOR RETAMAL / Afp

– Vår hovudprioritet no er å skaffe oversikt over kor stort behov det er for reint drikkevatn. Vi koordinerer arbeidet vårt med dei andre hjelpeorganisasjonane, men det er vanskeleg å få oversikt over behovet for hjelp når det er vanskeleg å kome seg rundt i landet, seier Martha Kristine Syvertsen.

Fleire stader på øya ser det ut som ei krigssone .

Varsler at orkanen «Matthew» vil knuse hus, utløse jordskred og stormflo

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt