Hopp til innhold

Ferje går mot hamn for eigen maskin etter brann

Brannen som starta om bord på passasjerferja Stena Scandica i Østersjøen utanfor Sverige er sløkt. Ferja kan gå for eigen maskin mot hamn.

TLoXhSPbpyw

BRANN: Her står passasjerane på Stena-ferja i Østersjøen etter at det brann på bildekket.

Foto: John Jonsson/Sjöfartsverket/TT / NTB

Ein stor innsats for å evakuere ferja blei starta måndag kveld, da straumen på båten blei slått ut av brann,

No er evakueringa sett på pause fordi fartøyet igjen går for eigne motorar. Det melde SVT mandag kveld.

– Dei køyrer for eiga maskin mot Nynäshamn, saman med følget i form av kystvakt, slepebåt og Sjöfartsverket, seier Sandra Gillén ved Sjöfartsverket til SVT.

Før midnatt sende Sjöfartsverket ut ein pressemelding om at fartøyet gjekk i roleg tempo mot hamna i Nynäshamn og at ein trudde det ville vere framme tysdag formiddag.

Det var 299 personar om bord Stena-ferja då brannen starta tidlegare på mandag. 241 var passasjerar.

Ein planla fyrst å evakuere alle passasjerane med helikopter, men det blei altså avblåst etter at rundt tretti passasjerar vart evakuerte. Dei kom til Visby på Gotland rett før midnatt natt til tysdag, ifølge SVT.

Høyr nødropet frå ferja.

Brann på bildekk

Det var klokka 12.40 at det kom melding om brann på bildekket på ferja MS Stena Scandica utanfor Gotska Sandön i Østersjøen, meldte Aftonbladet.

Brannen er vart sløkt rundt to timar seinare, stadfesta pressetalsperson for det svenske Sjøfartsverket Lisa Mjörning til Dagbladet.

Dei har ikkje fått beskjed om nokon personskadar, seier ho til avisa.

– Me har varsla båtar og helikopter, og samarbeider med Sjøredningsselskapet, Kystvakta og handelsfart dersom det er slik at me må evakuera. Slik det ser ut nå treng me ikkje det, sa Mjörning til SVT før brannen var sløkt.

Posisjonen til skipet Stena Scandica med 300 passasjerar.

Starta i kjølebehandlar

Pressetalsmann i Sjøfartsverket Jonas Frantzen seier til TT at brannen starta i ein kjølecontainer på bildekket.

Frantzen fortel nyheitsbyrået at nokon få personar har forlate ferja. Redningsleiaren skal ta stilling til om det er naudsynt med ein fullskala evakuering, fortel Frantzen til TT.

Sjøfartsverket sa dei hadde kontroll på brannen rundt klokka 13.30.

– Passasjerane om bord er tatt hand om og det er ei avgrensa spreiing av brannen. Eg kan ikkje spesifisera det meir førebels fordi me framleis bygg oss eit bilde av situasjonen, seier pressetalsperson i Stena Line, som drifter ferja, Stefan Elfström til SVT.

Brannen skjedde nære naturreservatet Salvorev, som er eit viktig hekkeområde for sjøfugl og gyteområde for fisk.

Ukjent skadeomfang

Skadeomfanget på ferja er førebels ukjent.

– Det er røyk, men ingen opne flammar, sa Mjörning til Aftonbladet då brannen var kome under kontroll.

Fleire redningstenester er med i aksjonen.

VG har vore i kontakt med Giedrius Didoras, som bur i Brønnøysund. Per klokka 13.36 seier Didoras at han og resten av passasjerane er på det øvste dekket.

– Dei sa til oss at det brann på eit bildekk. Ferja har stoppa opp, og me ventar på informasjon på kva me skal gjera. Me kan ikkje sjå nokon av flammane, men me ser røyk frå begge sider av ferja, sa Didoras til VG.

Ferja Stena Scandica går mellom Nynäshamn i Sverige og Ventspils i Latvia. Ferja har ein kapasitet på 970 passasjerar.

SISTE NYTT

Siste nytt