Hopp til innhold

30.000 flyktar frå vulkanutbrot

Styresmaktene i Guatemala opplyser at over 30.000 menneske har flykta frå heimane sine etter eit kraftig utbrot i «Eldvulkanen», ikkje langt frå Antigua.

"Eldvulkanen" i Guatemala har utbrot.

'Eldvulkanen' i Guatemala spyr ut store mengder lava og oske.

Foto: Moises Castillo / Ap

Antigua er den mest populære feriebyen i landet. Vulkanen spyr ut ei over 600 meter høg lavasky med store mengder oske, blir det opplyst.

Seismologar opplyser at dei har registrert mange kraftige eksplosjonar frå den 3763 meter høge vulkanen.

17 landsbyar evakuerte

17 landsbyar rundt vulkanen er no evakuerte. «Eldvulkanen» ligg berre 16 kilometer frå Antigua.

Gustavo Chigna i det guatemalske vulkaninstituttet seier at oska frå vulkanen har gravd ned fleire landsbyar som ligg nær vulkanen.

- Utbrotet er sterkare enn vi har sett på mange år. Derfor har vi slått organsje alarm for området rundt vulkanen, seier han til nyheitsbyrået AFP.

1500 familiar

Alejandro Maldonado, sjefen for den nasjonale kriseberedskapen i Guatemala, seier at 1500 familiar er evakuerte frå heimane sine. Han legg til at oska har spreidd seg opp til 12 kilometer vest og nordvest for vulkanen.

Utbrotet starta tidleg på ettermiddagen lokal tid.