NRK Meny
Normal

29 drepne av bomber i Bagdad

Minst 29 menneske er drepne i to bombeeksplosjonar i det nordlege og vestlege Bagdad i føremiddag. Over 100 menneske er såra i angrepa.

Store øydeleggingar etter bombeeksplosjonar i Bagdad.

Det var også store materielle skadar etter bombene i Bagdad.

Foto: KHALIL AL-MURSHIDI / Afp

Bombeeksplosjonar i Bagdad 19. september 2010.

Politi og redningsmannskap kom raskt til åstaden etter eksplosjonen vest i Bagdad.

Foto: KHALIL AL-MURSHIDI / Afp

Eksplosjonane ramma Al Bunuk-området i den nordlege delen av den irakiske hovudstaden, og bustadområdet Mansur vest i byen.

Ein AFP-reporter i Mansur fortel at det låg fleire døde personar på bakken etter eksplosjonen, og at to bygningar og mange bilar er fullstendig øydelagde. Han fortel at eksplosjonen ramma like ved bygningen til mobiltelefonselskapet Asiacell.

Den andre bomba gjekk av like ved det irakiske Tryggingsdepartementet.

Kjelder i politiet seier det truleg var to bilbomber som gjekk av samstundes i dei to bydelane. Det er venta at talet på drepne vil stige.

40 år gamle Abu Abdullah såg kva som skjedde like før eksplosjonen i Aden.

- Det var ein minibuss. Sjåføren stansa bussen og sa til folk i nærleiken at han måtte til lege. Eit par minutt seinare eksploderte bussen, seier han til AFP.

Tidlegare på dagen søndag vart ein far og sonen hans drepne då ei bombe som var festa til bilen deira, gjekk av.

Valden i Irak har auka etter at USA har trekt kampstyrkane sine ut av landet. Landet er også prega av ei politisk krise fordi partia i parlamentet ikkje greier å blir samde om ei ny regjering.

Dødstala i juli og august er dei høgste sidan 2008, viser tal frå irakiske styresmakter.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt