Hopp til innhold

27 drepne i eksplosjon på Sri Lanka

Minst 27 menneske er drepne i ein eksplosjon ved ein politistasjon nær byen Batticaloa aust på Sri Lanka, opplyser den srilankiske hæren.

Politifolk i arbeid på på åstaden for eksplosjonen i Sri Lanka.

Ein politimann undersøkjen restane av ein lastebil etter eksplosjonen.

Foto: Ap

Eksplosjonen skuldast ei ulukke, seier ein talsmann for hæren. Det var tre lastebilar lasta med ammunisjon som gjekk i lufta. Lastebilane var parkert like utanfor politistasjonen.

Talet på omkomne vart først oppgitt til å vere minst 60, men i ettermiddag har hæren nedjustert talet til 27.

Ammunisjonen skulle overførast frå politistasjonen til eit anlegg i eit steinbrot like i nærleiken.

Dei fleste av dei omkomne er politifolk, men det skal vere to kinesiske statsborgarar blant dei. Kina er sterkt involvert i fleire store byggjeprosjekt på Sri Lanka.

- Det var ei ulukke. Sprengstoffet vart lagra på politistasjonen av tryggleiksgrunnar, og det eksploderte då politiet skulle overlevere sprengstoff til kontraktørar, seier generalmajor Ubaya Medawela i den srilankiske hæren.

Under borgarkrigen mellom LTTE og regjeringshæren vart det sagt om byen Batticaloa at han var kontrollert av regjeringshæren om dagen og at den tamilske geriljaen om natta.

60 menneske omkom i eksplosjonen på Sri Lanka.

Det var fullt kaos etter eksplosjonen ved ein politistasjon aust på Sri Lanka.

Foto: STRDEL / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt