Hopp til innhold

26 skadde i togkollisjon i Bulgaria

Minst 26 personar er skadde etter at to tog kolliderte vest i Bulgaria i dag tidleg.

Bulgarsk politi på ulykkesstaden

Bulgarsk politi undersøkjer ulykkesstaden der to tog kolliderte fem mil utanfor hovudstaden Sofia.

Foto: STR / Reuters

To av passasjerane fekk alvorlege skader, ifølgje innanriksdepartemenetet.

Dei skadde er frakta til sjukehus i hovudstaden Sofia.

Kollisjonen skjedde mellom dei to stasjonane Dragoil og Dragoman. Det er ikkje slått fast kva som var årsak til ulykka.

Video 15 skadde i togulykke i Bulgaria

SISTE NYTT

Siste nytt